- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Kvinnherad kulturpris 2011 er tildelt Kvinnherad Turlag

Komité for oppvekst, kultur og idrett gir Kvinnherad Kulturpris 2011 til Kvinnherad Turlag med følgjande grunngjeving:
Kvinnherad Turlag
Grunngjveing:
Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den norske Turistforening/Bergen Turlag. Kvinnherad Turlag vart skipa 5. nov. 1998 og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i og som vitjar kommunen. Før og etter skipinga har mange av dei same personane vore aktive i å leggja til rette for turar på ski og til fots, ikkje minst med bre- og klatreaktivitetar.
Komite for oppvekst, kultur og idrett har lagt dette til grunn for tildeinga:
• Kvinnherad Turlag har i samarbeid med bygdelag og idrettslag rydda, kvista og merka turstiar til fjells og i nærområde
• Kvinnherad Turlag har i samarbeid med bygdelag gjennomført Kvinnherad Fjelltrim
• Kvinnherad Turlag har vore aktive med profilering og formidling,- heim,eside, fjelltrimbrosjyrar og anna informasjonstilfang • Kvinnherad Turlag har undergrupper som kvar på si vis har gjennomført viktige tiltak og aktivitetar for ulike målgrupper. Dette vert mellom anna gjort av Barnas Turlag, Seniorgruppa og Fjellsportgruppa
• Kvinnherad Turlag har ansvar for drift og vedlikehald på hyttene Breidablikk og Fonnabu, til saman 7 bygningar i kanten av Folgefonna
• Kvinnherad Turlag og Kvinnherad Turistinformasjon har i samarbeid med Folkehelsekoordinatoren i Kvinnherad og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne gjennomført Turstiprosjektet der heile 69 stiar i Kvinnherad er merka og lagt ut på nett på visitsunnhordland.no
• Kvinnherad Turlag har tilbod i alle bygder med guida turar av høg kvalitet gjennom heile året
• Kvinnherad Turlag er høyringspart i viktige utbyggingtiltak i fjellet, no seinast ved utbygging av Eikemovassdraget. Dette er ei oppgåve dei utfører på ein fagleg god måte for å ivareta natur- og miljøkvalitetane i kommunen
• Utvalet har merka seg arbeidet til Kvinnherad Turlag for å fremja generell folkehelse der ein sameinar natur, kultur og helse







