Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kvinnherad kommune v/ordføraren inviterer til møte

 

 

Folgefonnsenteret - møte med investorar/bidragsytarar

Den private arbeidsgruppa for Folgefonnsenteret overleverte si utgreiing til Kvinnherad kommune den 13 januar. Kommunen vil no stå for det vidare arbeidet og realisering av prosjektet.

Vi har registrert fylgjande bidragsytarar på investeringssida i tillegg til Kvinnherad kommune:

 Hordaland Fylkeskommune

 Sunnhordland kraftlag

 Skålafjæra as

 Norsafe

 SparebankenVest

 Nye bidragsytarar

Tilsagn som støtte er gjeve på ulike tidspunkt gjennom dei siste 6 år. Det er difor naudsynt å kalla saman bidragsytarane for å få ein status og avklara eventuelle vilkår og ønske hjå den enkelte. Det vert difor invitert til møte i

Rosendal på Rådhuset måndag den 20 februar 2012 kl 1130

Til møtet ber vi om at det vert sendt ei skrifteleg stadfesting av bidrag og eventuelle vilkår slik at dette kan inngå i samtalane.

På den faglege og innhaldsmessige sida fortset samarbeidet med Bjerknessenteret, Havforskingsinstituttet, Folgefonna nasjonalparksenter og andre samarbeidspartar. Desse partane saman med andre interessentar vil verta invitert til eit eige møte.

Side 2 Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst

Den vidare framdrifta i prosjektet vert som fylgjer:

 Sak til Kvinnherad den 8 mars og kommunestyre den 24 mars om vidare organisering av prosjektet (eigedomsforhold, byggeprosess og organisering)

 Møte med interessentar i mars om organisering og finansiering av drifta.

Det er avgjerande for prosjektet si realisering å få på plass ein finansieringsplan. Denne legg grunnlaget for handsaming i kommunestyret og for det som skal skje vidare med organisering av prosjektet. Avklaring av dykkar bidrag er difor vesentleg i denne samanhengen.

Med helsing

Synnøve Solbakken

ordførar

Svein Opdal

verksemdsleiar


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no