Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kvinnherad har fokus på kompetanse

Gunn Fosse koordinerer kurset
Kvinnherad kommune er ein føregangskommune når det gjeld etterutdanning for tilsette i helse og omsorg. Mellom 170 og 180 tilsette fordelt på alle sonene i kommunen, er no godt i gang med eit studie innan Eldreomsorgens ABC.
Bjørgene Undervisningssykehjemmet og Aldring og helse som står ansvarlege for undervisningsopplegget, rosar Kvinnherad for storsatsinga på kompetansehevinga innan eldreomsorg. På nettsida til Bjørgene omsorg- og utviklingssenter rosar dei kommunen. Studiet starta opp i november og vil gå over tre år.

Studie i eldreomsorg

Deltakarane er delt i grupper på rundt åtte personar, og har faste samlingar i dei sonene dei høyrer heime. Dei tilsette som deltek, høyrer til ulike fagkategoriar og alle aldersgrupper, og omfattar om lag kvar tredje tilsette i pleie og omsorg. Kvart halvår vert halde felles seminar for alle deltakarane på Husnes kulturhus, der Bjørgene Undervisningssjukeheim saman med kommunen legg til rette for ulike tema. Første samling var ved oppstart, andre fellessamling er no den 6., 9. og 10. mai.

Kvar tredje tilsett er med

- Me har fått ei fantastisk oppslutning frå tilsette og støtte ifrå leiarane i pleie og omsorg og i kommuneleiinga når det gjeld dette studiet, seier rådgjevar Gunn Fosse. Ho er opplæringsansvarleg og sørgjer mellom anna for å organisere midlane til prosjektet. Ho rosar gruppeleiarane, og framhevar Laila Hovland på Rosendalstunet som har ansvar for alt det praktiske, mellom anna planlegging og gjennomføring av fellessamlingane.

God gruppedynamikk

Sjukepleiar Anne Synnøve Seierstad er gruppeleiar i Hatlestrand sona, avdeling Ølve, og ho har berre godord om kurset: - Det er ein svært lærerik gjennomgang for alle, også oss som har treårig høgskuleutdanning frå før. Det positive er at det har blitt ein god gruppedynamikk, tilsette føler seg trygge i gruppene, fortel ho. Gruppene består av mellom anna sjukepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. - Alle har noko å bidra med, seier Seierstad som synest at kurset læringsmessig gir god nytte.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no