I samband med arbeidet med strategisk næringsplan (kommunedelplan for næring) og kommuneplanen Kvinnherad2050 (samfunnsdelen og arealdelen), ynskjer Kvinnherad kommune å få innspel frå utflytta kvinnheringar og potensielle tilflyttarar (til dømes studentar, familie, arbeidstakarar…) om kva som er viktige faktorar om ein skal etablere seg i Kvinnherad i framtida. For at kommunen skal kunne planlegge langsiktig og heilskapleg, er det viktig å få tilbakemelding frå menneske som bur utanfor kommunen. Kjenner du nokon som er potensielle kvinnheringar i framtida? Då er det fint om du kan informere dei om denne undersøkinga.

 

Undersøkinga er å finne på denne lenkje, og kjem til å liggje ute til kring 30. november 2019.  

 

Er det noko du lurar på knytt til undersøkinga, er det berre å ta kontakt med kommunen.

IMG_2721[1].JPG