Bjørg Larsen frå kultur og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gjer praktisk info og råd knytt til ordninga. Meir informasjon om anlegg finn du på http://www.anleggsregisteret.no/ .

Kommunen er saksbehandlar for tilskotsordningane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, til friluftslivstiltak og til kulturarenaer, og det er desse ordningane vi skal sjå nærare på. Spelemiddelordninga omfattar også hytter og løypetiltak i fjellet, men her er Den norske turistforening saksbehandlar.

Lag, organisasjonar og eldsjeler er velkomne! Ta gjerne med bærbar PC eller nettbrett for praktisk rettleiing.
Påmelding skjer elektronisk, og innan 13. mai: https://bit.ly/2P4EUzI

For kommunalt tilsette: kl 12-14 i kommunestyresalen
For lag og organisasjonar: kl 18-20 på rådhuset i Rosendal, kommunestyresalen

Kurset er opent for alle lag og organisasjonar med tilknytting til anlegg i Kvinnherad kommune.

Arrangør: Kvinnherad kommune - kulturkontoret, i samarbeid med kultur og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune