Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kurs i meistring av belastningar

Kvinnherad kommune startar den 11.09.17 opp med kurs i meistring av belastningar (KiB). Målgruppa er vaksne som har ei form for belastning som gjer at dei ynskjer/vil ha nytte av betre evne til å meistre stor belastning mellom anna knytt til sjukemelding, attføring, arbeidssituasjon eller privatliv.

Kvinnherad kommune arrangera hausten 2017 kurs i meistring av belastningar (KiB). KiB er utarbeid for personar som ynskjer å betre evna til å meistre belastningar i arbeidsliv eller privatliv. Målgruppa er difor alle som har ei form for belastning som medfører at dei ynskjer/vil ha nytte av å utvikle eiga meistringsevne. Kva som vert opplevd som belastning er individuelt. Belastningar som er så omfattande at ein ikkje er i stand til å meistre dei på ein måte som ein sjølv opplev som akseptabel, kan gje stressreaksjonar. Desse kan vere:

1. Emosjonelle: Fråvere av humor og glede, engstelse/uro, irritabilitet, nedstemthet

2. Fysiske: Uro, mindre energi, meir sliten, søvnproblem, muskelsmerter, mageproblem

3. Kognitive: Bekymringar, vanskar med å konsentrere seg, håplaushet, pessimisme

Målet med kurset

Å læra metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastningar i arbeids- og privatliv. Med meistring meinar ein det ein gjer for å handtera belastninga.

Kva går kurset ut på?

Forståing av samanheng mellom belastning, meistring og stress. Det vert arbeid med å kartlegge eigne belastningar, og eigen meistrings- og tankestil. På kurset nyttar ein kognitiv teori og metodar, og øvingar er ein viktig del av kurset. Låg terskel fysisk aktivitet og friluftsliv er integrert i kursopplegget.

Praktisk informasjon

Kurset vert leia av trente og godkjende kursleiarar. Kurset går over 10 gangar frå om lag kl 0900-1500.

Oppstart: 11.09.2017

Kostnad: Kr 500 (dekkar også kursmateriell)

Stad: Kvinnherad

For nærare informasjon og/eller påmelding kan du ta kontakt med:

Ole Henrik Horn tlf 94 81 93 17

Brit Helen Hauan tlf 99 57 41 16

frisklivssentralen-logo-liten_180x48[1].jpg


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no