Kulturminne er alle spor etter menneskeleg aktivitet i vårt fysiske miljø, inkludert lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru og tradisjon til.

I arealplanlegging er Plan- og bygningsloven det viktigaste verktøyet for å kunna ta vare på mangfaldet av kulturminner, kulturmiljø og landskap. Som planmyndighet har derfor kommunen ei særskild rolle i den del av forvaltninga av kulturarven som og er ein viktig ressurs for kommunen sitt arbeid med god og bærekraftig samfunnsplanlegging. 

Kommunen har ansvar for forvaltninga av nyare kulturminne som ikkje er freda og verneverdige bygningar.

Automatisk freda kulturminne

Kulturminne som er direkte freda ved lov, utan særleg vedtak. Dette gjeld mellom anna faste kulturminne frå før 1537, samisk faste kulturminne eldre enn 100 år og ståande byggverk med erklært opprinnelse frå perioden 1537-1649 (jmf: kulturminneloven §4)

Faste kulturminne

Er kulturminne som er jord- eller stadfaste. Arkeologiske funn inngår som delar av eit fast kulturminne så lenge det ligg i jorda eller under vatn.

Lause kulturminne

Kulturminne som kan flyttast.

Imaterielle kulturminne

Kulturminner som lev vidare som praksis, framstillingar, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter. Det kan være eit handtverk, historiar, sang eller dans.

SEFRAK

SEFRAK registrerte byggningar er bygningar som vart registrert i regi av SEFRAK (Sekretariat for registrering av faste kulturminner i åra 1975-1995. I prinsippet omfattar registreringa alle bygningar som er bygde før 1900. I dag ligger ansvaret for registering og vedlikehold av data hos Riksantikvaren. I Kvinnherad kommune innheld SEFRAK-registeret over 3 600 bygningar.

Listeførte kyrkjer

Alle kyrkjer bygd mellom 1650-1850 er listeførte. Ei rekkje kyrkjer bygd etter 1850 er også listeførde. Listeførde kyrkjer vert handsamma i høve til det såkalla kyrkjerundskrivet. Riksantikvaren skal gje fråsegn om endringar i eller ved kyrkja, og om istandsetjing og vedlikehaldstiltak.

Følgjande lover er styrande for arbeid med kulturminne

  • LOV 1978-06-09 nr 50: Lov om kulturminne (kulturminneloven)
  • LOV 2007-06-29 nr. 89: Lov om offentlege styremakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)
  • LOV 2008-06-27 nr 71: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan-og bygningsloven)

Sefrakregisteret

Finn du her.

Stadnamnregister

Kjem

Fotosamlinga

Kvinnherad kommune sit på ei stor fotosamling mellom anna etter fotograf Presthus, fotograf Røvde og Widerøe flyfoto. Det er eit pågåande prosjekt å scanna biletmateriale og gjere det søkbart for publikum. Det ligg omlag 3700 søkbare bilete i databasen til Kvinnherad bibliotek.

http://www.kvinnheradbibliotek.no/lokalhistorie/biletsamling-i-kvinnherad/

Kulturminnesøk

Kulturminnesøk er ei nettside med informasjon om over 170 000 kulturminne og kulturmiljø: Freda bygningar, freda kulturmiljø, verdensarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under vatn. Her finn du alt frå kokegroper og gravhaugar, til kioskar og bensinstasjonar. Utforsk Kvinnherad, eller dra på kulturminnejakt ein annan stad link: https://kulturminnesok.no/

Prioriterte kulturminne

Kjem

Privatarkiv

Privatarkiv er historiske arkiv etter privat verksemd i organisasjonar, bedrifter, institusjonar og etter enkeltpersonar. Her finn du oversikt over privatarkiv som er oppbevart i Kvinnherad kommune. Dersom du ynskjer innsyn i materiale kan du avtala tid for dette. Ta kontakt med Kvinnherad kommune på: post@kvinnherd.kommune.no.

Liste over privatarkiv finn du her.