Rein energi og stabil vassforsyning er bærekraftgarantistane
Kritiske miljøfaktorer

Klimaendringane gir tørke i nokre land, ekstrem nedbør i andre og nedsmeltning av vassgivande isbrear i fjelland som Kina og Kenya. Dette kan føre til svekka vassforsyning og matproduksjon, og i verste fall svoltkatastrofer og store folkeforflyttingar, slik vi allereie ser tendensar til idag. Dette kjem på toppen av rådande skjebne for fattige og underernærte i U-land, d.v.s. dei som har minst kraft til å stå imot og å tilpasse seg klimaendringane, - og minst skuld....
Klimatruselen og dens vesen
Kloden står ved eit vendepunkt. Ikkje alle trur at Gaia, Moder Jord , kan reparere menneskeskapte skader slik eit individ reiser seg frå sjukdom. Derfor er det tryggast om vi samlar oss om den kollektive fornuft og tek tak i vår eigen livsstil og vårt enorme forbruk av energi og knappe ressursar, vår egoisme og manglande empati for lidande og verre-stilte folkeslag. Svært lite av det vestlege forbruksland agerer og utviklar er bærekraftig. Ein fatal verknad av dette er klimaendringar som følgje av utslepp av klimagassar frå brenning av fossile brensel, der CO2 og methan er dei verste. Gjennomsnitts-temperaturen stig i luft, hav og jord, havet utvidar seg og stig, ein prosess som blir forsterka av nedsmelting av havis og innlandsis på Grønland og i Antarktis og i store isgrear i fjellet. - Men i Norge og dei fleste andre industriland går samfunnsmaskineriet "as usual": Oljeselskapa produserer fossilt brensel (olje og gass) som aldri før, og i Kina opnar eit kolkraftverk kvar veke. Mange forskarar meiner vi no kan gløyme å halde oss innafor 2 grader auke, - derved må vi bruke mykje ressursar og kløkt på å finne ut korleis vi best kan tilpasse oss klimaendringar som uansett tiltak vil kome, og som vil skape naturkatastrofer, svolt, orkanstormar, materielle øydeleggingar og tap av menneskeliv. Samstundes må vi prøve å sette inn radikale tiltak for å bremse utsleppa av klimagassane. Møtet i København vil bli ein første prøve på om den kollektive fornuft har ein sjanse i usemja mellom u- og I-land. Skal cumulusskyene laga mørke skuggar over jorda og skal vi miste rikdomen og alle dei vakre skapningane i det biologiske mangfaldet, som t.d. sidensvans og grevling, sjøanemoner og den majestetiske isbjørnen.
Soria Moria 2
Regjeringa la i oktober 2009 fram si politiske plattfprm for dei neste 4 åra i fleirtalskoalisjon. På miljøområdet skal Norge bli eit foregangsland på fornybar energi med ENOVA som motor i energieffektiviseringa.
Eit Grønt sertifikatmarked med Sverige skal sikre fortsatt kraftutbygging, og saman med betre konsesjonsbehandling, auka FoU og utbygging av fornybar energi og ein meir berekraftig og klimavennleg energipolitikk vil Norge kunne redusere den samla energibruken og dermed bidra til å nå ei skjerpa målsetting om 40 % mindre klimautslepp i 2020 i forhold til 1990-nivået.







