Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kort om kommuneplanlegging

Illustrasjon til kommuneplanarbeidet
Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Her finn du informasjon om korleis kommuneplanarbeidet er organisert i Kvinnherad kommune.

Det er kapittel 11 i plan- og bygningslova som gir rammene for kommuneplanarbeidet.

Kommuneplanen skal ta utgongspunkt i den kommunale planstrategien og leggja retningsliner og pålegg frå statlege og regionale mynde til grunn.

Øvste planmynde i kommunen er kommunestyret; det er dette organet som til sjuande og sist gjer vedtak om ny plan, endringar eller vidareføring av planar.

Formannskapet gjer vedtak om oppstart av planarbeid, og sidan denne typen planarbeid vert utført som prosjekt har dei har også funksjon som styringsgruppe.

Ordføraren, tre andre formannskapsmedlemmer og leiaren i forvaltningskomiteen utgjer ei politisk arbeidsgruppe for planarbeidet. Dette er ikkje ei politisk nemd, men snarare ei referansegruppe som fungerar som eit rådgjevande utval for administrasjonen ved utarbeiding av ein ny plan.

Det praktiske planarbeidet vert utført av Verksemd for samfunnsutvikling der ein planleggjar ved plankontoret har ansvaret for den daglege leiinga av prosjektet. I tillegg til prosjektleiaren utgjer 2 - 3 andre tilsette ved verksemda ei administrativ arbeidsgruppe.

Kommunestyret kan berre gjere endeleg vedtak av plan der grunnlaget for eigengodkjenning er til stades. Det vil seie at nabokommunar, fylkeskommunale eller statlege instansar ikkje har varsla motsegn til planframlegget. Ved varsel om motsegn til eit planframlegg vert konflikten søkt løyst gjennom drøfting og mekling. Om dette ikkje fører fram kan kommunestyret likevel vedta planen, men den må sendast til Miljøverndepartementet for endeleg godkjenning. Departementet kan godkjenna planen slik den ligg føre eller gjere endringar i planinnhaldet.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no