Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Åkra logo

Vann tur til Svalbard

Kopi av antarktis_2_200x223_200x223
Elevar ved Åkra ungdomsskule har skrive klimaoppgåve om Antarktis og vunne tur til Svalbard. Seks elevar samt lærar er trekte ut til ei fem dagars reise i løpet av skuleåret.
Sjef for konkurransen er Ole anders Nøst, som er forskar i fysisk oseanografi ved Norsk Polarinstitutt. Tysdag 5. oktober kom han til Åkra og kunne annonsere kven av dei tre gruppene i ungdommsskulen som var dei heldige vinnarane. Desse er Jostein Vågen og Martha Tjelmeland i 9. klasse samt fire elevar som gjekk ut i fjor: Kari Janne Furdal, Jon Sigvald Tjelmeland, Anna Wågen og Sondre Bauge Vika. Lærar Anne Grete Kjærstad Berge skal også vera med på opplevingsferd til Svalbard. Turen bli dekka av Polarinstituttet.
Kopi av antarktis_1_400x247
Forskar Ole Anders Nøst og lærar Anne-Grete Kjærstad Berge flankert av vinnarane Martha (t.v.) og Jostein (Foto: Eirik K. Berge).

Skreiv om klima

Norsk Polarinstitutt hadde invitert alle ungdomsskulane i landet til å delta på ICE Fimbulisskule for å lære meir om klimaforsking. Blant deltakarane skulle det trekkjast ut ein vinnar til å dra til Svalbard. Det var berre Åkra skule som deltok med tre grupper. Elevane følgde forskarane over nettet på oppdraget deira på Sørpolen, der mellom anna Nøst deltok. Etterpå skreiv vinnargruppa ei oppgåve der dei tok føre seg mykje av klimaproblema som skjer i Antarktis.

Første tur til Svalbard

Vinnarane skal innom Polarinstituttet i Tromsø før dei drar vidare til Longyearbyen. Det er første gong at Martha og Jostein skal til Svalbard, og dei vart veldig glade då deira namn vart ropt opp. Ungdomsskulen feira med marsipankake.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no