Velkomen til Kvinnherad kommune
Kontakt oss
I Kvinnherad kommune, rådhuset, er det sentralbord og kundemottak. Ved å venda deg hit vil du få rettleiing og hjelp til det meste. Om naudsynt og saka/ærendet ditt krev det, så vil du bli vist vidare til rett sakshandsamar, som då vil hjelpa deg med spørsmålet ditt. For ein del saker kan ein nytta elektroniske skjema, som kan finnast på skjemasida.
Du kan også nytta nettprat for å koma i kontakt med kommunen. Dette tilbodet finn du øvst i høgremenyen på denne sida. Med denne tenesta skal du få raske og korte svar innan kort tid.
Man - fre 08.00 - 15.30
Du er også hjarteleg velkomen som vår ven på Facebook!
Post til kommunen kan lesast på internett
• All sakspost til og frå kommunen er offentleg, også e-post, om den ikkje er underlagt teieplikt
• All sakspost kjem på postlista, den er offentleg og tilgjengeleg på internett
• Alle offentlege brev kan lesast direkte på nett via postlista, om dei ikkje er underlagt teieplikt
Du kan difor finna igjen brevet ditt omtalt, sitert frå eller til og med fullstendig gjengitt i avisa, eller i nyhende på radio og TV. Vi har oppmoda lokalavisene til å kontakta avsendar om dei vil gjengje heile eller store deler av brev til oss frå privatpersonar, men dei har ikkje plikt til dette.
Følg lenka under for meir informasjon om sakspost, postliste og teieplikt.







