Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Konstituering av rådmann

Konstituering av rådmann

Vi gjer med dette kjent at Torstein Aarthun vil bli konstituert som rådmann i Kvinnherad kommune frå 01.07.18. Rådmann Odd Ivar Øvregård konstituerer no Torstein Aarthun som assisterande rådmann med same fullmakter som rådmannen, og Aarthun vil vera det fram til 01.07.18. Det er kommunestyret som i møte 21.06.18 må konstituera han som rådmann. 

Ordføraren har saman med gruppeleiarane for partia i kommunestyret og hovudtillitsvalt drøfta spørsmålet om konstituering i eige møte. Det var full tilslutnad til at Torstein Aarthun vert konstituert. Dette er vidare drøfta med alle partia sine kommunestyregrupper, og alle parti har gjeve tilslutnad.

Torstein Aarthun er i dag konstituert leiar for avdelinga løn og personal i rådhuset. Han kjenner heile den kommunale organisasjonen godt, og har gode leiareigenskapar. Han har vore tilsett som personalrådgjevar i Kvinnherad kommune i ti år. Dei siste to åra har han vore konstituert leiar for avdelinga og også medlem av rådmannen si leiargruppe. 

Etter ei samla vurdering er det vårt syn at Torstein Aarthun vil utføra oppgåva på ein god måte. Vi ser fram til eit godt samarbeid, og er takksame for at han på kort varsel har sagt seg villig til å ta på seg dette ansvaret.

Rosendal, 06.06. 18

Peder Sjo Slettebø

Ordførar
Kvinnherad kommune

Publisert | Oppdatert 06. juni 2018