Konsesjon tyder løyve til erverv av fast eigedom. "Erverv" er eit felles nemning for alle måtar ein kan overta ein eigedom på; kjøp, arv, gåve og liknande. Fast eigedom kan til dømes vera hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.

Målet med lova om konsesjon er å oppnå eigar- og brukstilhøve som er til det beste for samfunnet. Lova byggjer på at areal er ein knappheitsressurs som det er viktig å bruke og fordele på ein samfunnsmessig forsvarleg måte. Det er framleis slik at ikkje alle bruksoverdragingar treng handsaming etter konsesjonslova. Mellom anna er ikkje konsesjon naudsynt når ervervaren er i slekt med eigar (jamfør § 5).

Om ein ikkje ynskjer å busetje seg på eigedomen, må ein etter gjeldande konsesjonslov søkje om konsesjon. Det kan ikkje søkjast om fritak frå buplikta, men buplikt kan setjast som eit konsesjonsvilkår.

"Ved erverv av bebygd eiendom hvor fulldyrka og overflatedyrka jord er mer enn 35 dekar, eller eiendommen består av mer enn 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfriheten etter 1. pg 2. ledd i § 5, betinget av at erververen bosetter seg på eiendommen innen ett år og selv bebor den i minst 5 år".

Grensa for konsesjonsfri omsetnad på busette eigedomar har auka til 100 dekar totalareal, på vilkår av det fulldyrka og overflatedyrka jorda ikkje er meir enn 35 dekar (endra i 2017).   

NB: Kvinnherad kommune vedtok i juni 2019 føringar for krav om buplikt. I Kvinnherad vurderer vi å setje krav om buplikt i samband med konsesjonssaker på eigedomar med meir enn 20 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. 

I samband med eigedomsoverdragingar som ikkje treng konsesjon viser vi til skjema "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom" som vert sendt til kommunen. Kommunen fører fråsegna inn i matrikkelen til Statens Kartverk. Les meir om dette på Kartverket si heimeside.  

På sidene til Landbruksdirektoratet finn du skjema for:

Les meir om konsesjon og konsesjonsfri overtaking av eigedom.

Har du fleire spørsmål, ta kontakt med kommunen sitt landbrukskontor.

Tun_sau  Tun_Gul_Løe2

Foto: Tore Eik