Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kvinnherad kommunestyre

Kommunestyret er det øverste styrande organ i kommunen, og gjer vedtak på kommunen sine vegne dersom ikkje anna følgjer av lover og forskrifter.
Kommunestyret i Kvinnherad har i utstrakt grad delegert mynde til formannskapet, komiteane og administrasjonen v/rådmannen. Dette skal sikra ei rask og effektiv saksbehandling ved at avgjerdene vert tekne nærast mogeleg brukaren og innbyggjarane.
Kommunestyret har 35 representantar, valde etter reglane i kommunelova og vallova.
Kommunestyret har ansvar for heilskapleg styring og prioritering av kommunen sine tenester, oppgåver og ressursar og er ein arena for levande politisk debatt og diskusjon om aktuelle spørsmål.

Oppgåvene er mellom anna:

  • vedta overordna prinsippsaker og målsetjingar i samsvar med lover og forskrifter
  • vedta årsmelding, rekneskap, handlingsplan, økonomiplan og årsbudsjett
  • resultatvurdering
  • vedta overordna planar og planar etter særlovgjeving
  • vedta planar etter plan- og bygningslova
  • vedta standard og serviceerklæringar knytt til kommunale tenester
  • gjere vedtak i saker som er innstilte frå formannsskapet og komiteane
  • vedta prioriteringar som omfattar kommunen sine ulike aktivitetar
  • foreta val til alle kommunale komitear og styre m.v.
  • vedta saksområde og delegasjonsreglement til formannskap, komiteane m.v.
  • vedta delegasjonsreglement til rådmannen


Kommunestyret sitt tilsyns- og kontrollansvar:

Kommunestyret har det øvste tilsynet med kommunen si samla forvaltning og kan krevje at eikvar sak blir lagt fram til orientering eller avgjerd. Kommunestyret vel eit kontrollutval til å stå for tilsynet med den kommunale forvaltninga.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no