Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommuneplanens samfunnsdel

Teaser2
Kommuneplanens samfunnsdel tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for Kvinnheradsamfunnet som heilskap og for kommunen som organisasjon.

Samfunnsdelen omfattar fakta, mål og strategiar for utviklinga i kommunen. Arealdelen sine kart, føresegner og retningsliner viser forvaltninga av areal og andre naturressursar.

Kommuneplanens samfunnsdel er grunnlag for dei kommunale verksemdene sine planar. Den gir retningsliner for korleis kommunen sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i kommunal verksemd og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.

Kvinnherad kommune reviderar for tida samfunnsdelen av kommuneplanen. Under er det lenke til gjeldande kommuneplan (vedteken i august 2000) og til eige nettside for arbeidet med ny samfunnsdel:

Kommuneplan for Kvinnherad 1999 - 2010 (pdf-fil)
Ny kommuneplan for Kvinnherad (eige side)

Kommuneplanens samfunnsdel skal utarbeidast i tråd med kommunens sin planstrategi. Samfunnsdelen sine målsettingar og strategiar vert mellom anna sett ut i live gjennom kommuneplanens arealdel og kommuneplanens handlingsdel.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no