Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommunedelplan for trafikksikring

Fareskilt
Kvinnherad kommune innleiar no arbeidet med revidering av Kommunedelplan trafikksikring Kvinnherad. Trafikksikringsplanen skal fungera som eit verktøy for kommunen i trafikksikringsarbeidet. Gje dine innspel her!

Planen skal gje ein status over trafikksikringsproblema, foreslå tiltak og gje grunnlag for prioritering av offentlege trafikksikringsmidlar. Det er utarbeida eige planprogram.Planprogrammet er til høyring fram til 20.08.2011.

Kommunen legg stor vekt på medverknad i dette planarbeidet og inviterar deg med dette til å koma med innspel i ein tidleg fase. Forutan generelle innspel, er kommunen interessert i å få kartlagt stader og strekningar som folk oppfattar som utrygge. Det vil også bli høve til å koma med merknader til planen når den blir lagt ut til offentleg høyring seinare.

Det er viktig å få innspel frå ungdom i dette arbeidet, så dette er ei ekstra oppmoding til alle kvinnheringar i tenåra om å bidra! Om du ikkje sjølv er nokon ungdom lenger vert det sett pris på om du tipsar eller oppmoder ungdom du kjenner om å senda inn innspel.

Om du har innspel kan du nytta lenkene under, anten som digitalt skjema for innsending direkte frå heimesida eller ei pdf-fil for utskrift og utfylling med penn/blyant. Utfylt skjema kan sendast til Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal. Vi vil gjerne ha ditt innspel innan 31. august 2011.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no