Høyring og offentleg ettersyn:
Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra 2012 - 2022
Kvinnherad formannskap gjorde vedtak 07.06.2012 om å senda planframlegget på høyring og leggja det ut til offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova § 11-14.
Plandokumenta er tilgjengelege på kommunen si heimeside (sjå lenker under) og vert også lagt ut på rådhuset i Rosendal, biblioteket på Husnes og butikkane i Matre og Åkra. Høyringsinstansane vert varsla med e-post.
Frist for merknader til planframlegget er 20.09.2012.
Merknader skal sendast som e-post til:
eller som brev til:
Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal
Grunna ferieavvikling kan kommunen berre svara på generelle spørsmål om planen/planarbeidet fram til 16. august. Frå 17. august er plan- og byggesakskontoret fullt bemanna og kan svara på alle typer spørsmål om planen.
Under denne artikkelen er lenker til plandokumenta. Det er også laga kartutsnitt i målestokk 1:5.000 (eit av dei i M 1:10.000) slik det går fram av kartskissa. Plankartet er også tilgjengeleg på www.fonnakart.no som karttype "Kommuneplanens arealdel", her må ein velje "kommuneplan under arbeid" som utval i venstremenyen (lenke til planområdet i fonnakart.no).








