Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy

OHV_framside
Plankontoret arbeidar for tida med slutthandsaming av kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy.
Etter ein lengre dialog med regionale organ går det no mot eit ferdig planforslag for planen på nordsida. Det står att ein del arbeid m.a. med sjølve plankartet og konsekvensutgreiing av nye byggjeområde, men målet er å få planen opp til handsaming i kommunestyret i byrjinga av 2011.

Planarbeidet har drege ut i tid, delvis grunna konfliktar i forhold til mange nye byggjeområde i strandsona. Men etter fleire rundar står kommunen att med ein plan som gjev godt handlingsrom på nordsida. Plankontoret ser at sjølv om kommuneplan-prosessane går seint, stoppar ikkje utviklinga opp. Mange større prosjekt går sin gong etterkvart som arealbruken meir og meir har vorte avklara med regionale organ.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no