Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Slutthandsaming

Kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy 2011 - 2020

Framside_292x300
Kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy er klar for slutthandsaming i Kvinnherad formannskap 10. mars og kommunestyret 24. mars.
Formannskapet vedtok 02.04.2009 å leggja planen ut til offentleg ettersyn. Det kom inn store
mengder merknadar, og til saman over 30 motsegner frå regionale organ i høyringsperioden. Etter
dette vart det fleire rundar med Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune for å
avklara merknadar og motsegner. 01.06.2010 vart det halde drøftingsmøte med Fylkesmannen der
storparten av motsegnene vart avklara. Dette førte til ein tidkrevjande prosess med omfattande
endringar i plandokumenta.

Planen som no ligg føre er eit resultat av:

• Arealdisponering i gjeldande kommunedelplanar og reguleringsplanar for området.
• Planføresetnader i vedteke planprogram.
• Innkomne innspel.
• Fagrapportar frå uavhengige konsulentar.
• Temadata frå ulike sektormynde.
• Fleire drøftingar med politisk arbeidsgruppe og administrativ referansegruppe.
• Administrasjonen sine faglege og skjønnsmessige vurderingar.

Planarbeidet er utført av ei administrativ arbeidsgruppe ved Verksemd for Samfunnsutvikling.
Representantar frå ulike fagkontor i kommunen har delteke med faglege innspel og råd. Ei politisk
arbeidsgruppe med representantar frå formannskapet og leiaren i forvaltningskomiteen har vore
med i planprosessen.
Rådmannen meinar at planføresetnadane i planprogrammet i hovudsak er fulgt opp, men med
noko auka areal til fritidsbustadar.

Plandokumenta:
I tillegg til sjølve plankartet utgjer verdi- og konsekvensutgreiinga, planforklaringa med føresegner, samt Risiko- og sårbarheitsanalyse kommunedelplanen. Samtlege nye areal til byggjeområde er
verdi- og konsekvensutgreidd.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no