Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommunal vigsel

Frå 01.01.2018 tek kommunane over borgarleg vigsel. I Kvinnherad kommune er det ordførar, vararordførar, sektorleiar for oppvekst, Anne Sofie Bjelland Kjeka og seksjonsleiar for Forvaltning, Hilde Kjelstrup, som kan utføre vigsling.

Vilkår:
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet:

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  4. Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med kommunen. De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Den fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Kostnad:
Det er ingen kostnad for personar busett i Kvinnherad kommune. Dersom det er andre som ynskjer å gifte seg i kommunen, må dei dekke faktiske utgifter for dette jfr. Forskrift om kommunale vigsler § 2. (Faktiske utgifter kan vere leige av lokaler, straum, dekorering etc).

Tid og stad:
Dersom ikkje noko anna er avtala, er det i kommunestyresalen på rådhuset vigsling skal utførast, i tidsrommet måndag til fredag, frå kl 08:00 til kl 15:30.

For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med Kvinnherad kommune 53483100, eller post@kvinnherad.kommune.no.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no