Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Reglement for Komite for næring og samferdsel.

1.   Komiteen si samansetjing.


Komiteen har 7 medlemer med varamedlemer, valde av kommunestyret for 4 år.
Leiar og nestleiar er valde av kommunestyret.


2.   Komiteen sine oppgåver og mynde.


Komiteen skal arbeida for å realisera politisk vedtekne mål innanfor sitt saksområde.
Komiteen skal ta initiativ, utgreia og innstilla til kommunestyret i saker innanfor komiteen
sitt saksområde.


Komiteen skal vera aktive og ta initiativ overfor regionale mynde i saker innanfor komiteen
sitt saksområde.


Under føresetnad av at mynde ikkje er delegert til rådmannen, skal komiteen handsama,
gjera vedtak eller gje innstilling til kommunestyret i saker som gjeld:


•    Samferdsle og kommunikasjonar
•    Næringsutvikling
•    Sysselsetjing og arbeidsplassutvikling


Komiteen er delegert mynde til å ta avgjerd i saker som er nemnde ovanfor, avgrensa mot
lov, formannskapet og kommunestyret sine oppgåver og kommunestyrevedtak som
avgrensar fullmakter,


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no