Klimaforsking i Rosendal
Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er Nordens største naturvitskaplege klimasenter. Prosjektleiar for Folgefonnsenteret seier at med samarbeidet med BCCR er ein milepæl nådd for Kvinnherad og dei andre kommunane på Folgefonnhalvøya. Målet for Folegefonnsenteret er å etablera eit framståande senter for forsking, formidling og verdiskaping med sete i Rosendal.
Glasiologi
- Hovudvekt vert lagt på aktivitetar knytte til klimaforsking med knyting til glasiologi, bruk av isbrear som klimaindikator, seier Førland. Det blir lagt til rette for faste forskarstillingar. Formidling vil stå sentralt gjennom mellombels og faste utstillingar.
Senteret skal tilby kurs og program for skular med meir. Førland seier at prosjektet har teke eit viktig steg framover takka vere engasjementet frå dei private samarbeidspartnarane med Sunnhordland Kraftlag (SKL) i spissen.
Stor tru på senteret
Professor og direktør i Bjerknessenteret, Eystein Jansen, har stor tru på senteret.
- Folgefonna er ein svært viktig isbre i klimasamanheng, og det er få etablert eit senter for klima- og breforsking i Rosendal er særs interessant for oss, både som forskingsobjekt og som stad for formidling av klimakunnskap. Vi vil på bakgrunn for dette bidra aktivt til å få Folgefonnsenteret realisert så raskt som mogleg, seier professor og direktør i Bjerknessenteret, Eystein Jansen.
Forskarar i prosjektgruppa
Dei anerkjende klimaforskarane Jostein Bakke og Atle Nesje er oppnemnt som nye medlemmer i høvesvis styrings- og prosjektgruppa for Folgefonnsenteret. Dei har begge har eit nært forhold til Folgefonna. Jostein Bakke er førsteamanuensis ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen og forskar ved Bjerknessenteret. Han var ein av fagredaktørane for boka ”Folgefonna og fjordbygdene” som kom ut seinhaustes 2008.
Atle Nesje er professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen og forskar ved Bjerknessenteret. Han var ein sentral aktør i oppstarten av Norsk Bremuseum i Fjærland, og var også fagleg involvert i Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Stryn og Breheimsenteret i Jostedalen.
Prosjektleiar Knut Førland seier at arbeidet med å få realisert Folgefonnsenteret går inn i ein ny fase og blir svært inspirerande med to så anerkjente forskarar på laget.





