Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kjapt svar

Open søknadsfrist

 

1.      KJAPT SVAR

Retningsliner

 

Kven kan søkje

Ungdom mellom 13 og 20 år som bur i Kvinnherad kommune og som ynskjer å driva med kulturaktivitet utover dei etablerte aktivitetane i eksisterande lag og organisasjonar. Både enkeltpersonar og grupperingar av ungdom kan søkje.

 

Kva og kor mykje kan du søkje om?

  • Oppstart av kulturaktivitet/prosjekt. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot
  • Innkjøp av utstyr og materiell kan få opp til 50% av kostnadane i tilskot
  • Utvikling av eigne kunst og kulturproduksjonar. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot
  • Formidling av eigne kunst og kulturproduksjonar. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot
  • Eigenproduserte opne kulturarrangement kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot
  • Øvre grense for tilskot er kr. 5000,- pr. gong. Søkjar kan få tilskot 2 ganger pr. kalenderår

Vilkår for tildeling:

  • Kjapt svar søknaden skal knytas tydleg til eit prosjekt. Vi krev ei beskriving av korleis det ein søkjer pengar til inngår i eit prosjekt, d.v.s  vi gjer ikkje pengar til ein gitar dersom ikkje søkjar viser til at gitaren skal brukast i bandsamanheng,  søkjaren har meldt seg på gitarkurs eller gitaren skal brukast i annan relevant samanheng
  •  Rapport skal leverast innan 14 dagar etter at pengane er utbetalt
  • Du får svar på søknaden din innan ei veke og pengane vil vere på kontoen din i løpet av to veker.

 

MISBRUK
Dersom ein person, organisasjon eller eit lag gir urette opplysningar eller bryt retningslinene for stønad, mister vedkomande retten til stønad for minst eitt år.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no