Kommunal kriseleiing
Ved omfattande ulykker, katastrofar eller andre større, uønskte hendingar trer den kommunale kriseleiinga (KKL) i kraft.
KKL vert leia av ordføraren med rådmannen som nestleiar. Øvrige medlemer er kommunalsjefane, kommunelegen, brannsjefen, lensmannen og ein informasjonsmedarbeidar.
KKL har som oppgåver:
- Innhente opplysningar om situasjonen
- Ta avgjersler om å iverksette tiltak for å hindre/minske skader på personar, materielle verdier og miljø
- Prioritere ressursar frå kommunen si side
- Utarbeide faginformasjon til befolkningen og media
- Avgje situasjonsrapportar til fylkesmannen, samt rapportar til kommunestyret
Instruks, ansvar og oppgåver til den kommunale kriseleiinga følgjer av ein eigen kriseplan for kommunen. I tillegg vert beredskapslanar for til dømes atomulykker og smittevern lagt til grunn.
KKL deltek i årlege kriseøvingar.





