Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Julehelsing

                                               Julehelsing 2011

 

                  Det er ei gleda å skriva julehelsing frå ordføraren også i valåret 2011.

Takk til dåke alle som  brukte stemmeretten dykkar!

 

Største hendinga i familien vår året 2011 var likevel å bli besteforeldre igjen,femte barnebarnet kom midt i valkampen,det var ei stor gleda.

 

Året 2011 vil bli huska på fleire måtar, spesielt 22juli då landet vårt blei ramma brått og brutalt av terror,det var ei grusom hending.

 

I året som snart er omme har det vore ei positiv utvikling på mange områder i kommunen vår,

det har vore ei fin folketalsutvikling sjølv om tala kan endra seg litt,eg helsar spesielt velkomen til dei som har valgt å flytta til Kvinnherad og busett seg ute i bygdane våre,slik Islendingane på Fjelberg har gjort,det gjev aktivitet og er med å auka grunnlag for nærbutikk,barnehage,skule og skapar vekst og trivsel ute i bygdene.

 

Det er framleis ekstra fokus på næringslivet,Sør Norge Aluminium As går inn i eit viktig år med håp om full aluminiumsproduksjon igjen.Noreq har ekspandert,Umoe Shat Harding,Hellesøy Skipsverft,Norsafe,Høylandsbygd har god aktivitet og Eidsvik Skipsbyggeri fekk ny kontrakt. SKL har starta prosjekt Eikemoelv/Vetrhusvatnet.

Bygge-og anleggsaktiviteten i kommunen er framleis høg,med mange private bustadprosjekt og fleire store offentlege og private bygg og anlegg.

Valen sjukehus er viktig for kommune og region,det må arbeidast vidare for å utvikla nye behandlingstilbod ved sjukehuset.

Den gode utviklinga ved Kvinnherad Vekstbedrift As må halda fram.

Det er mykje optimisme i Kvinnherad,resultatet er stigande folketal,stor byggeaktivitet og klar vilje til vidare satsing.

 

Me som lokalpolitikarar skal driva aktiv samfunnsutvikling samtidig som me på vegne av staten skal levere velferdstenester til innbyggjarane våre.Gode kommunikasjonar til/frå Kvinnherad er framleis ei viktig oppgåve,ekstra gledeleg er det med den nye nattferja frå 1 jan.2012 i sambandet Årsnes –Gjermundshamn då kan me nå Flesland,Bergen heile døgnet,det er god samferdslepolitikk!

 

No står julehøgtida for døra.

 

Julehøgtida forsterkar det me ber på,både av glede,sorg,sakn,forventningar og håp,men fram for alt minner frå tidligare julefeiringar i barndom og oppvekst eller minne frå eigen familie.

For dei flest er dette ei god og lukkeleg tid,men for nokon kan det vera ei sår tid,nokon kan ha gått bort,familiar kan vera oppløyst eller  andre tilhøve kan gjera at ein må gjennom høgtida i sakn og einsemd,tankane mine går spesielt til dåke.

Me vil så gjerne at jula skal vera god slik me har opplevd tidligare,la oss derfor gje dei som treng litt ekstra omsorg få det.

 

 

Kvinnherad kommune har mange lag og organisasjonar som er med å gjera kommunen vår til ein god kommune å leva  og bu i,takk til dåke alle som er med og gjer noko for fellesskapet,sjølv det minste betyr noko. Det å by på,gjera noko for andre er med og gjer kvardagen betre for mennesker som elles har det vanskeleg,det er eg takksam for.

 

Ei ekstra helsing vil eg gje til dei som er ramma av sorg,sjukdom, dei som  føler seg åleine eller på anna måte ikkje har det bra.

 

God jul og godt nyttår til dykk alle!

 

Helsing

 

Synnøve Solbakken

Ordføraren

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no