Me har hatt eit samarbeid med blant anna Nav, eining for barn og familie, eining for integrering og opplæring, rus- og psykiske helsetenester. Dersom du ikkje har kontakt med desse tenestene men ynskjer ei gåve er du hjartans velkomen til å ta kontakt med Frivilligsentralen. Alle hendvendigar vert behandla anonymt. ❤️

Dersom du ynskjer å bidra kan du kjøpe ei gåve, då me vil prøva å halda kontroll på at det vert gitt nokolunde like gåver i ein familie, skal gåva ikkje pakkast inn, men ta gjerne med ei gåveeske. Gåva kan du levere på frivilligsentralen (kulturhuset Husnes) etter avtale, eller i resepsjonen på rådhuset innan 10.12. Du kan sjølvsagt levere gåver til dei du ynskjer, men me har og ei liste over dei som treng det, gi oss ei melding anten her på fb eller på tlf 90076543 så får du utlevert alder og kjønn.

Med ynskje om ei fredfull jul og eit godt nytt år!

Gåver.jpg