Rådyr

Det har vore jakta rådyr i Kvinnherad sidan 2010. Det siste året vart det felt 33 dyr som var fordelt på 18 bukkar, 9 geiter og 6 kje.

Det var 24 jaktvald som hadde totalt 130 fellingsløyver i 2018.

Hjort

I 2018 vart det felt 1197 hjort. Der er ein auke på 140 dyr frå året før, og det er det beste resultatet etter 2012. Fellingsprosenten vart 82,3 %, og det høgaste etter 2010 då fellingsprosenten var like høg.

 

Bukke

kalv

Kolle

kalv

Årings bukk

Årings kolle

Eldre bukk

Eldre kolle

Sum

Felte dyr

193

164

216

172

213

239

1197

Fordeling %

16,1

13,7

18

14,4

17,8

20

82,3

Snitt vekt kg

25

22

42

37

71

51

 

Total kg

4825

3608

9072

6364

15123

12189

51181

Oppførte snittvekter kan bli noko justerte når alle dyra blir registrert på hjorteviltregisteret. Til no er under halvparten av dyra lagt inn (per 08.02.2019).

Jaktresultatet har store variasjonar òg i 2018, men heile 26 jaktvald kom ut med minst 100 % felling.

  • Ølve og Hatlestrand enda på 90 % samla og her hadde 8 av 19 vald 100 % felling.
  • Dei 31 jaktvalda som er organisert i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden Bestandsplanområde enda på ei felling av 674 dyr eller 86,7 %. Området har òg i 2018 felt litt for stor del vaksne dyr, både bukkar og koller. Men det nærmar seg målsetjinga mot planlagd maksimalt 33 % av kvart kjønn. Det står litt att før kalveandelen kjem opp i målsetjinga om minst 34 %, den stoppa på 31,8 % siste året.