Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Invitasjon til open anbodskonkurranse etter LOA og FOA Del 1

Kvinnherad kommune har gleda av å invitere aktuelle tilbydarar til å inngje pristilbod på innvendig rivingsarbeid ved Aksen på Husnes.

Innlevert tilbod skal vere komplett utan forbehold, og skal innehalde alt innvendig rivningsarbeid, inklusiv fjerning av laust og fast innbo. Sortering, transport, nødvendig deponiavgifter og søknader etc. må takast med i tilbodet.

Alle masser skal deponerast på lovlig måte og må dokumenterast for byggherre.

Bygningsmassen er tilknytt kommunalt vatn og avløp. Det forutset at røyr (avløp, sprinkel og vannledning) avdekkast, blendast og sikrast.

  • Sprinkleranlegget skal rivast ut, utanom sprinklersentral/ventil.
  • Vassforsyning til Gamle Aksen må ivaretakast. (Deler av vassforsyning går via Nye Aksen)

Det må etablerast bygg strøm uttak frå hovudtavle for strøm ifobm. riving. Sannsynlig med tungløft iforbm. ventilasjon unit på taket

Tilbydar skal utarbeida detaljert rigg plan som syner plassering av byggegjerde, skilting og trafikkavvikling.

Valt tilbydar har ansvar for at blenda røyr (vatn og avløp) markerast i bygget og teiknast inn på skisse som oversendast Kvinnherad Kommune.

Konkurransegrunnlag;

  • Miljøsaneringsrapport
  • Liste over inventar
  • Avfallsplan

Tilgang på konkurransegrunnlag sendast ut på forespørsel til:
Kjell.jonny.eide@kvinnherad.kommune.no

Open anbodsbefaring vert halde:
Fredag 22.09.17 kl.12:00
Oppmøte: Aksen Husnes

Frist for innsending av tilbod :
Måndag 02.10.17 kl. 12:00

Tilbod skal innleverast til :
Kvinnherad kommune
Rådhuset
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Tilbod må merkast :
«TILBOD - P 2070 - NYE AKSEN - RIVING»   

Oppstart skal vere etter avtale med Kvinnherad kommune, men vi ber om at tilbydar opplyser når de kan utføre arbeidet.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no