- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Invitasjon til ope møte om ” Inn på Tunet” i Kvinnherad 8.september

Med ”Inn på Tunet” meinar ein tilrettelagde tilbod om aktivitetar tilpassa ulike målgrupper. Med gardsdrift, dyr og natur som ramme er målet meistring og ein betre kvardag for brukarane.
Invitasjon til ope møte om ” Inn på Tunet” i Kvinnherad
Tid: 8.september 2010 klokka 19.00
Stad: Folgefonno(Gml.landbrukskontor) på rådhuset
Med ”Inn på Tunet” meinar ein tilrettelagde tilbod om aktivitetar tilpassa ulike målgrupper. Med gardsdrift, dyr og natur som ramme er målet meistring og ein betre kvardag for brukarane.
Det er i hovudsak tenestetilbod som skjer i nært samarbeid med oppvekst/skule og helse og sosialsektor i kommunen. For nærare opplysningar, sjå www.innpaatunet.no
Landbrukskontoret har registrert stor interesse blant gardbrukarar for å etablera ”Inn på tunet”- tilbod. Det er fleire bruk som høver for slike prosjekt, og mange av brukarane har solid bakgrunn med tanke på utdanning og erfaring frå skule og omsorgsarbeid i tillegg til landbrukserfaring. Over jordbruksoppgjeret er det løyvd ekstra midlar som kommunane kan søkja om. Formålet er å stimulera til auka satsing på tiltak som ” Inn på tunet”. Det vart og lyst ut midlar i vår til eit ” Inn på tunet” - løft som kommunen søkte på. Vi nådde diverre ikkje opp i denne omgong, men det er ny søknadsfrist i 2011.
Vi ønskjer at kjøparar og tilbydarar kan kome i kontakt, og inviterar difor til møte.
Vi vonar at så mange som mogeleg har anledning til å møta. Er der andre som burde vore invitert så vil vi og gjerne ha ei tilbakemelding. Føremålet med møtet er å knyte kontaktar mellom interesserte gardbrukarar og grupper i samfunnet som kan ha trong for slike tilbod. Ordførar vert med. Gardbrukarar som tilbyr tenester i dag vil fortelja om kva erfaringar dei har.
Korleis vi kan skape fleire tilbod i kommunen. Møte vert og annonsert i lokalavisa under ” Kommunen informerar”.
Program :
Ordførar Synnøve Solbakken orienterar om Kvinnherad kommune sine ønskjer kring Inn på Tunet
Målfrid Haugse, orienterar om organisasjonen Fagforum Inn På Tunet Hordaland,og om sitt tilbod på Fausk gard i Omvikedalen
Dialog
Enkel servering. Vel møtt
Med helsing frå Verksemd for samfunnsutvikling
Tore Eik, Jorunn Toskedal og Karin Thauland





