Tema for konferansen er: Samspel og samarbeid mellom frivillige lag og organisasjonar og kommunen
Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggande for eit levande lokalsamfunn. Interessa og behovet for samarbeid mellom frivillige og kommunen har auka dei siste åra. Ein god relasjon og dialog mellom kommunen og lokale lag og organisasjonar har stor betyding for korleis vi saman kan skape eit godt lokalsamfunn. Kommunen ønsker å utvikle ein frivillighetspolitikk og treng gode innspel frå frivilligheta. Kommunen har inngått ein avtale med frivillighet Norge som vil vera ansvarlig for det faglege innhaldet på kveldskonferansen.

Program
• Velkommen ved v/ ordførar Peder Sjo Slettebø
Presentasjon amatørkulturråd
• Presentasjon av deltakarane og dialog om kveldens tema v/Frivillighet Norge
• Om frivillige organisasjonars betyding som nærmiljøbygger
- Fakta om frivillighet
- Frivillighetspolitikk, samspel og samarbeid med kommunen
• Korleis skape større rom for frivillighet i kommunen?
• Kafedialog der organisasjonane kan komme med innspel som beskriver eigne utfordringar, ressursar og kommunens rolle som tilretteleggar i samarbeid og kontakt med frivilligheta.
• Oppsummering
• Vegen vidare - kva skjer no?

Det vil bli servering og me ynskjer difor tilbakemelding på kven som kjem på tlf. 900 76 543 eller epost veronica.thorsen@kvinnherad.kommune.no

Velkomen!

Best helsing Peder Sjo Slettebø, Ordførar