Vaksenopplæring (Grunnskuleopplæring)

Vaksenopplæringa er lagt opp som eit treårig løp for vaksne som ynskjer og har rett på grunnskuleopplæring jf. Opplæringslova § 4A-1. 

Elevane som søkjer grunnskule treng grunnleggjande norskkunnskap på nivå som svarer til A2 slik at dei kan ha utbytte av grunnskuleopplæringa. Elevane får både grunnleggjande norskopplæring og grunnskulefag i år 0. og år 1. Vedtak på grunnskulen sitt område gjeld for eit år, og der kjem det fram timetalet i kvart av dei fem faga vi gir undervisning i. 

Vaksenopplæringa i Kvinnherad samarbeider med Husnes ungdomsskule om eksamensavviklinga. Elevar som gjennomfører si grunnskuleopplæring ved Vaksenopplæringa følgjer same læreplan og tek same eksamen som elevane i tiande klasse ved ungdomsskulen i kvart av faga norsk hovudmål, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag. 

Grunnskuleopplæringa følgjer skuleruta i Kvinnherad.

0. året - Grunnskulefag - 8t
a) Grunnleggjande norskopplæring
b) Forkurs til grunnskuleopplæring 8t

1. året - Grunnskulefag - 16t
a) Grunnleggjande norskopplæring
b) Grunnskulefaga norsk 4t, matematikk 4t, engelsk 4t, samfunnsfag 2t og naturfag 2t

2. året - Grunnskulefag - 8t
a) Grunnskulefaga norsk 10t, matematikk 6t, engelsk 4t, samfunnsfag 4t og naturfag 4t
b) Leksetid 2t

Utdrag frå opplæringslova

§ 4A-1 - Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Det er eit vilkår for rett til grunnskuleopplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskuleopplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skuleår, har rett til å fullføre påbegynt skuleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til grunnskuleopplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.

Introduksjonsprogrammet

Dei som kjem som flyktningar til kommunen er med i introduksjonsprogrammet som skal gje dei ein best mogeleg start i høve til jobb og utdanning.

Kontaktpersonane i eininga følgjer desse opp:

Linda Lillesletten   
Tlf. 916 67 064

Yngve Guddal
Tlf. 916 67 061

Camilla Øvstebø
Tlf. 918 68 937

Du finn meir informasjon på Imdi sine sider:
https://www.imdi.no/

Norsk

Undervisning i norsk er for ulike grupper som kjem til Noreg og vår kommune. Vi har undervisning på ulike nivå på både dag og kveldstid. Grupper og tidspunkt for undervisninga vil variere. Ta kontakt med oss for nærmare informasjon.

Informasjon om kursa for hausten 2018 vil bli lagt ut før sommarferien.

Norskprøve
Vi arrangerer norskprøvar 3 gonger i året; november, mars og mai. Neste norskprøve vil vera onsdag 23. mai skriftleg og onsdag 30. mai munnleg. Påmeldingsfrist for prøvane vil vera 23. april.

Prøve i samfunnskunnskap og statsborgarskapsprøven

Vi arrangerer òg prøvar i samfunnskunnskap og statsborgerskap. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Du finn mykje nyttig informasjon om dei ulike prøvane hos Kompetanse Norge.

 

Hordaland Fylkeskommune har mange tilbod til vaksne som treng vidaregåande opplæring. Søknadsfrist 1. april.

Rektor
Ingvill G. Sæberg
Tlf. 911 75 783 

Einingsleiar
Johnny R. Thomsen
Tlf. 902 79 122

Besøksadresse
Lonabråtet, Lonavegen 61, Husnes