Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Innbyggjarinitiativ

Visste du at du kan fremja eigne saker og påvirka politikarane?
Kommunestyret pliktar å ta stilling til forslag som gjeld kommunen sitt virke, dersom minst 2 prosent av innbyggjarane i kommunen står bak forslaget.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner uttalar dette slik:
«Det er viktig at innbyggjarane blir gitt høve til å involvere seg i små og store
politiske saker i kommunen sin. Og kommunen bør leggje til rette for det. Gjennom
å introdusere ein mobilversjon av misak.no vil vi gi vårt bidrag til å gjere det
enklare for folk å kome med forslag til kommunen dei bur i. Det er bra for
lokaldemokratiet.»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har no lansert ein ny versjon av
minsak.no som er nettportalen for innbyggjarforslag slik den er omtala i § 39a i
kommuneloven. Minsak.no gjer det muleg for innbyggjarane å fremja innbyggjarforslag
elektronisk. Den nye versjonen av minsak.no er no også tilpassa bruk på mobiltelefon. Den har også fått eit meir moderne uttrykk.
 
Nettadressa er: www.minsak.no eller www.misak.no

Du finn også meir informasjon om forslagsretten på Kommunal- og moderniseringsdepartementets (KMDs) internettsider www.kmd.dep.no.

Har du spørsmål du ynskjer å stilletil kommunen  i tilknytning til bruken av initiativretten, kan du rette desse til:


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no