Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Inn på Tunet Hordaland - haustsamling i Rosendal

innpaatunet_banner_536x84
Inn på Tunet Hordaland har gleda av å ynskje velkommen til årets haustsamling for fagleg og sosial idéutveksling og inspirasjon. Samlinga vert i Rosendal fredag 4. og laurdag 5.november.

 Inn på Tunet Hordaland har gleda av å ynskje velkommen til årets haustsamling for fagleg og sosial idéutveksling og inspirasjon i Rosendal, fredag 4. og lørdag 5.november.

 Samlingsstad: Raualøo, Folgefonn Feriegard
hjå Marian Thunold og Jostein Hatteberg (www.folgefonn.net)
Overnatting, middag og frukost: Rosendal Turisthotell i Skålagato  (www.rosendalturisthotell.no)
Pris inkludert middag og frukost: 900.- pr. medlem, 1800,- pr. ikkje-medlem.
 
Eit stadig tilbakevendande tema i Inn på Tunet samanheng er korleis me på best mogleg måte skal knyta forbindelsar mellom næringsliv, offentlege instansar, brukargrupper og tilbydarar. Interessa for Inn på Tunet er aukande både frå tilbydar og brukarsida. Mykje skjer på nasjonalt plan i desse dagar når det gjeld t.d. definisjon av IpT-omgrepet, kvalitetssikring og regelverk.
Dette krev ein ny profesjonalitet i måten me i fellesskap tenker og formar tilboda på i framtida.
Kva samfunns- og brukargrupper er aktuelle samarbeidspartnarar i framtida, og kva forventar kjøparsida av tilbydarsida for å få i gang ein god idèutveksling og dialog? Korleis skal Inn på Tunet tilbydarar bli flinkare til å synleggjera seg sjølve og aktivitetstilboda på ein profesjonell måte?
Program:
Fredag  kl. 12.00 - 17.30
Tema: Kreativitet og nytenking mellom lokalsamfunn og  IpT tilbydarar i framtida. Entreprenørskap – Næringstilknyting og IpT.   
12.00 Frammøte, kaffi og rundstykke i Raualøo
12.30 Velkommen til Folgefonn Feriegard ved Jostein Hatteberg
13.00 Kort innleiing ved leiar i IpT Hordaland om val av tema for høstsamlinga
13.15 Næringsrådgjevar i Kvinnherad kommune Karin Thauland (og evt. samarbeidspartnarar):
” Erfaringar som næringsrådgjevar/jordbrukssjef i Kvinnherad kommune ,-prosjekt og nettverksbygging mellom ulike instansar.”
14.00   Kaffi og pratepause  
14.30   Nybakt prosjektgruppe for IpT -løftet, Voss v/Anbjørg Nornes, næringsavdelinga i Voss Kommune:
”Første møte med  Trollet med mange hovud….om å forstå kva Inn på Tunet er og kan bli ”.
15.00  Naturpedagog Jorun Barane frå Resurssenteret i Aurland
" Stadbasert entreprenørskap og læring" og regional forankring. KIL prosjektet med nye kurs, og inspirasjon frå studietur til England 19-23 oktober for kommune, næringslivsaktørar og bønder frå Aurland .
Spørsmål og samtale
 
16.00 Ut på gardsbesøk til Målfrid Haugse i Omvikedalen. Ho har halv stilling i kommunen og tek imot 2-4 brukarar innan psykiatri 4 dagar for veka.
 
19.00 Festmiddag m hjortegryte og karamellpudding (Øl og Vinrett)
 
Kveldsavslappingsinspirasjon med innlagt ansiktsmaske og fotbad v/ ”Vossabia” Renate Lunde:
Mat for kroppen -, praktisk bruk av ville vekstar til indre og ytre velvære”
 
Laurdag kl.10.00-13.00:
 
Tema: Bli synlig på nettet, om å legge ut agn…

08.00 - 09.30 Frokost
10.00 Silvio og Katarina Eckl, ungt tysk ektepar busett i Herand og driv kommunikasjons- og markedsføringsbyrået Solena,- webdesign for bærekraftig verdiskaping:
”En proff heimeside: potensial, muligheter og utfordringer” http://www.solena.no/
 
11.00 Patrick de Souza Tuntland, ung bergenser og media student i Volda: ”Om blogging og facebook ” 
 
Samtale og spørsmål
Kaffi og pratepause

12.00 Oppsummering v/ Frøydis Lindèn, FMLA
13.00 Varm lunsj i Raualøo
 
Med atterhald om mindre endringar i programmet.
 
Påmelding innan 25.oktober til Gerd Flesland: Mob.91869525/heim:55227987
                                                                                   E-post: gerd174@yahoo.no
 
Dersom  mange overnattande, leiger me også Folgefonn Feriegard sine 6-manns hytter v/ fjorden til same pris.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no