Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Instruktørkurs i Norm for informasjonssikkerhet 25.-26. jan.

Helsedirektoratet held kurs i Kvinnherad. Krav i Norm for informasjonssikkerhet skal vera innfridde ved tilknyting til Norsk Helsenett. Kurset skal vera ei hjelp til å innfri normkrava.

Samhandlingsreforma inneber forventningar om rask formidling av informasjon mellom helseføretak og kommunar. Norsk Helsenett er eit sikkert nettverk for utveksling av sensitive personopplysningar. Norm for informasjonssikkerhet er ei samling krav og retningsliner som skal tilfredsstilla informasjonssikkerhet i dei einskilde og ulike tenesteområda som er knytt til helsenettet. Normkrava er aktuelle for alle sektorar som nyttar elektronisk dataverktøy i saksbehandling, lagring og utveksling av sensitive personlege opplysningar lagrar.

Det er påmeldt 75 deltakarar til kurset som vert halde på Rosendal Fjordhotell 25. og 26. januar.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no