Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Informasjon vedkomande eigedomsskatt og kommunale avgifter 2017

Digital utsending
Eigedomsskattegrunnlag:
Denne våren sender Kvinnherad kommune ut eigedomsskattesetel via Altinn.
Fakturautsending:

Faktura på eigedomsskatt vert frå 2017 sendt ut saman med kommunale avgifter.
Denne våren sender Kvinnherad kommune ut skattesetel som gjeld eigedomsskatt via Altinn. Det vil sei at innbyggjarar som ikkje har reservert seg for digital post, vil få sms og/eller e-post med melding om at det ligg post i Altinn. Denne utsendinga skal vera motteken av innbyggjarar innan 01.03.2017. (Det er sendt ut ei prøvesending denne veka).
 
Dersom du ikkje har registrert deg i Altinn med mobilnr. og e-post adresse, eller om du har registrert deg i Altinn, men reservert deg mot digital post – så vil du motta skattesetelen som brev i vanleg postutsending.

For meir opplysningar rundt digital kommunikasjon:
https://www.norge.no/nb/digital-kommunikasjon
 
Fakturautsending:
Faktura på eigedomsskatt vert frå 2017 sendt ut saman med kommunale avgifter, der totalsum for året vert likt fordelt på 4 forfall.
Forfall er 25. mars, 25. mai,  25.september, og 25. november. 
Kommunestyret vedtok slike forfall i budsjettsaka den 18.12.2016 – dette er kunngjort i lokalavisene i januar.
Fakturautsending går som tidlegare via avtalegiro, e- faktura eller som papirfaktura i posten.

 

 

 

 

 

 

 

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no