Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra 2010 – 2022

Informasjon om planprosessen

Arealdelen til kommuneplanen for dette området skal reviderast. Føremålet med revisjonen er å ta ut planlagde tiltak som ikkje er aktuelle lenger og leggja inn nye område for bruk og vern. Planen skal dekkje både land- og sjøområda og vil visa noverande og planlagd arealbruk. Denne revisjonen vil dels byggja på kommunen sine eigne vurderingar og dels på innspel frå grunneigarar, organisasjonar og offentlege instansar.

Kommunen har halde to orienteringsmøte og lokale kontordagar. På møta vart det gitt informasjon om planarbeidet, og på kontordagane var det høve til å treffa planleggjarane på tomannshand. (Skarveland skule 28. - 29. september og Åkra oppvekstsenter 29. - 30. september.)

Planprogram med målsettingar og føringar for planarbeidet finn du på lenke under. Her er også lenke til eit hefte med mykje informasjon om planarbeidet og ei pdf-fil med presentasjonen som vart halde på dei to orienteringsmøta.

Frist for innspel til planen var 31. oktober 2009. Vidare framdrift i planarbeidet går fram av materiellet i lenkene under.

Fram til ny plan vert vedteken er det dei gjeldande kommuneplankarta frå 1989, i tillegg til seinare vedtekne reguleringsplanar, som er styranda for arealbruken i området. På denne sida finn du gjeldande arealdel til kommuneplanen i Kvinnherad.

Planprogram (pdf 0,4 mb)
Hefte med informasjon om planprosessen (pdf 0,8 mb)
Presentasjon halde på orienteringsmøte i september 2009 (pdf 2,2 mb)


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, RÃ¥dhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no