Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kvinnherad kommune, staden mellom fjord og fonn.

Kartskisse_Kvinnherad_310x305

Kart og fakta

 Kvinnherad Kommune

 

 
 Kommunenummer : 1224 
 Fylke : Hordaland 
 Administrasjonssenter : Rosendal 
 Flatemål : 1137 km2
 Folketal : 13 174 (2010) 
 Målform : Nynorsk 
 Ordførar : Synnøve Solbakken (AP) 
 Rådmann : Trond Sætereng 

Vi ynskjer deg velkomen til Kvinnherad Kommune

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda med  Rosendal som administrativt senter. Husnes er den største tettstaden, med vidaregåande skule og handelssenter.
 
Reiser du rundt i kommunen vår, vil du oppdaga kor langstrekt han er, heile 70 km frå sør i Fjelberg til nord i Mauranger. Du vil leggja merke til at folket her lever og bur på øyar og langs fjordarmar, over fjell og i dalar, og du vil oppleva stor variasjon i natur og landskap.
 
Tidlegare tider:
I kommunen vår finn vi spor etter folk heilt frå steinalderen, i form av fornminne, helleristingar og bergmåleri, og ulike stadnamn vitnar om tidleg busetnad og dyrking av jorda. Dei fyrste menneska slo seg ned i fjæra. Etter kvart som dei  vart  bufaste, rydda dei seg gardar på øyar, langs strender og i dalar kringom i kommunen, og livnærde seg av det jorda, skogen og sjøen gav. På 1600-talet kom det i gang bergverksdrift – eit eventyr som varde i ca 200 år.  Kommunen har ein rik båtbyggjartradisjon like frå 200-talet .  Elles vitnar Bygdetunet Rød, Halsnøy Kloster og Baroniet Rosendal om ulike sider ved samfunnslivet  i tidlegare tider, både bondekultur, klosterliv og tilværet for "dei kondisjonerte”.
 
Frå fjord til fonn:
Eit mangslungent og variert landskap set sitt preg på kommunen vår, frå skjergardsidyll med øyar og lune viker i sør til høgfjell, tronge fjordar og bratte dalsider i nord. Deler av Folgefonna nasjonalpark finn du i Kvinnherad.  
I samband med kraftutbygging vart det bygd bilvegar høgt til fjells, og dermed er fjellheimen gjort lett tilgjengeleg for dei fleste Opparbeidde turstiar og tilrettelagde badeplassar er å finna i dei fleste bygder. Alt dette gjev høve til eit rikt og variert friluftsliv for liten og stor.
 
Samfunnsstruktur:
Det er stor politisk semje om å halda på ein desentralisert samfunnsstruktur i kommunen. Dette set sitt preg på lokaliseringa av kommunale tilbod, så som skular, barnehagar og helseinstitusjonar. Kommunen vår har 4 ungdomsskulekrinsar, 4 soner for helse, pleie og omsorg 17 barneskular og 21barnehagar, 18 kommunale og 3 private.. Kommuneadministrasjonen ligg i Rosendal medan nokre av dei offentlege tilboda er å finna på Husnes, så som Nav-kontor, lensmannskontor og tiltakskontor for barn og for vaksne
Husnes er handlesenteret med eit breitt varetilbod, og her ligg også  Kvinnherad vidaregåande skule.
 
Kvinnherad har ferjefritt vegsamband gjennom Folgefonntunnelen til Hardangerregionen og austlandet. I 2008 vart den undersjøiske tunnelen til Halsnøy opna, og dermed fekk store deler av kommunen landfast, internt samband.
 

Søral

Næringsliv
Kvinnherad kommune har eit allsidig næringsliv. Vi har rike tradisjonar innafor båtbygging, som har utvikla seg til moderne verksemder der det blir bygd alt frå små robåtar til store lasteskip og moderne fiske og offshorefarty.   Umoe Schat-Harding er eit døme på dette. Her vert det utvikla og produsert bergingsutstyr til alle typar fartøy. Dette er då avanserte "fritt-fall-livbåtar" og davitar m.m. Av andre større verft kan nemnast Eide Marine Service på Halsnøy, Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen og Hellesøy verft på Løfallstrand.
 
Sør-Norge Aluminium A/S er den største, private arbeidsgivaren i kommunen med i underkant av 400 tilsette. Aluminiumsverket vart grunnlagt i 1962, og danna grunnlag for vekst og utvikling i den ytre luten av kommunen.
 
 Dette gjeld særleg for  Husnes, som var ei lita bygd med kring 600 innbyggjarar på 1950-talet, men som no er det største lokalsamfunnet i kommunen, med eit allsidige handels- og servicetilbod.
 
Valen sjukehus er eit psykiatrisk sjukehus for vaksne i Sunnhordland og Hardanger. Sjukehuset har 110 sengeplassar, og er ein av dei største arbeidsplassane i kommunen.
 
Landbruksnæringa har stor verdi for Kvinnherad, både i form av sysselsetjinga og når det gjeld landskapsvern. Om lag 500 årsverk er knytte til jord-, hage og skogbruk her i kommunen. Hovudnæringa er mjølkeproduksjon og sauehald.
 
Kvinnherad kommune er den største arbeidsgjevaren, med ca 1300 tilsette. 
  
Kultur og idrettsliv
Kulturlivet i Kvinnherad er rikt og variert. Det frivillige organisasjonslivet tel meir enn 500 ulike lag. Det er  t.d. 13 korps i kommunen, 18 kor, 16 båtlag, 10 skyttarlag, 17 idrettslag, 20 kristne barne- og ungdomslag i tillegg til filmklubb, rockeklubb og 15 kulturvernorganisasjonar, for berre å nemna nokon. Ulike kulturfestivalar er årvisse, så som Rosendal musikkfestival, Kvinnherad kulturfestival og  Festidalen. Dei aller fleste bygdene har sitt eige samlingshus, enten eit samfunnshus eller eit ungdomshus: Husnes kulturhus har kinoframvising fleire gonger for veka.
 
Kvinnherad kulturskule gjev eit desentralisert tilbod til 660 elevar innanfor dans, drama, musikk, visuelle kunstfag. 15 dyktige lærarar er tilsette ved skulen.
 
Sunnhordland folkehøgskule ligg på Halsnøy, og har lang tradisjon som møteplass for menneske som arbeider med skapande og utøvande kunst. Seriøst arbeid blir kombinert med eit kreativt miljø, noko både elevar og tilsette ved skulen, men også lokalmiljøet, har stor nytte og glede av.
 
Idrettslivet i Kvinnherad er allsidig: Heile 13 registrerte idrettslag i kommunen. Sjølv om ballidrettane fotball, volleyball og handball dominerer, er det også eit godt friidrettsmiljø i kommunen. Fjellhaugen skisenter gjev høve til allsidige skiaktivitetar i vinterhalvåret. Om sommaren står gjerne båtlivet i fokus, og det er bygd ut gode småbåthamner mange stader i kommunen.
 
Turisme
Kvinnherad ligg sentralt plassert mellom Bergen og Stavanger ved innløpet til Hardangerfjorden. Variert og vakker natur som er gjort lett tilgjengeleg, godt utbygde hamneanlegg for fritidsbåtar, varierte aktivitetar og attraksjonar og overnattingsstader for ein kvar pengepung ynskjer turistane velkomne til kommunen vår

Rosendal er den største turistbygda i området med ei rekkje spanande aktivitetstilbod. Her ligg og den største turist-attraksjonen i kommunen,
Baroniet Rosendal som det einaste av sitt slag i Noreg.
 
Båtturistar vil finna fine og velutstyrte gjestehamner fleire stader i kommunen. Husnes båthavn er kåra til den beste i landet fleire gonger dei seinare åra.
 
Skule og oppvekst
Den desentraliserte samfunnsstrukturen set sitt preg på barnehage- og skuletilbodet i kommunen. Skuleåret 2008/09 har Kvinnherad 20 skular; 15 barneskular, 2 kombinerte barne- og ungdomsskular og 3 ungdomsskular. Samla elevtal: 1867 elevar  
Kommunal visjon: Skulen i Kvinnherad er prega av eit inkluderande læringsmiljø med høge ambisjonar for alle elevar, og store forventningar til vaksenmiljøet. Les meir

Dei 18 kommunale barnehagar har 626 barn. Mange av skulane og barnehagane er organiserte i oppvekstsentra, med sams leiing og gode høve til samspel og samarbeid. Barnehagane på Husnes og i Rosendal er organiserte i kvar sitt barnehagesenter.
 
Trivsel og utvikling står sentralt i barnehagane våre. Kvart barn skal bli sett og høyrt, og vi har serviceerklæringar både for barn og foreldre
 
Kyrkje og kristenliv
Kommunen er delt inn i 3 prestegjeld: Kvinnherad har 7 kyrkjer fordelt på 7 sokn, Husnes har eit sokn med 3 kyrkjer i og Fjelberg har også eit sokn med to kyrkjer. Det er 13 tilsette i kyrkja i Kvinnherad. Dei eldste kyrkjebygningane våre finn vi på Enes (1190), i Rosendal (1250), på Fjelberg (1722) og i Åkra (1735). Dei andre kyrkjene er bygde på 1800-talet og seinare. Les meir.
Det er søndagsskule i 18 av bygdene våre, og det kristne lagslivet for barn og unge er godt utbygd.

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no