Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Ordføraren sin kalender

Februar 2012
MaTiOnToFr
05
    12345
06
6789101112
07
13141516171819
08
20212223242526
09
272829    

Om ordføraren

Ordførar Synnøve Solbakken

Ordførar Synnøve Solbakken

2009-12-18
Ordførar i Kvinnherad kommune er Synnøve Solbakken. Ho representerer Det norske Arbeiderparti. Synnø...

Ordføraren melder

Kvinnherad kommune v/ordføraren inviterer til møte

 

 

Folgefonnsenteret - møte med investorar/bidragsytarar

Den private arbeidsgruppa for Folgefonnsenteret overleverte si utgreiing til Kvinnherad kommune den 13 januar. Kommunen vil no stå for det vidare arbeidet og realisering av prosjektet.

Vi har registrert fylgjande bidragsytarar på investeringssida i tillegg til Kvinnherad kommune:

 Hordaland Fylkeskommune

 Sunnhordland kraftlag

 Skålafjæra as

 Norsafe

 SparebankenVest

 Nye bidragsytarar

Tilsagn som støtte er gjeve på ulike tidspunkt gjennom dei siste 6 år. Det er difor naudsynt å kalla saman bidragsytarane for å få ein status og avklara eventuelle vilkår og ønske hjå den enkelte. Det vert difor invitert til møte i

Rosendal på Rådhuset måndag den 20 februar 2012 kl 1130

Til møtet ber vi om at det vert sendt ei skrifteleg stadfesting av bidrag og eventuelle vilkår slik at dette kan inngå i samtalane.

På den faglege og innhaldsmessige sida fortset samarbeidet med Bjerknessenteret, Havforskingsinstituttet, Folgefonna nasjonalparksenter og andre samarbeidspartar. Desse partane saman med andre interessentar vil verta invitert til eit eige møte.

Side 2 Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst

Den vidare framdrifta i prosjektet vert som fylgjer:

 Sak til Kvinnherad den 8 mars og kommunestyre den 24 mars om vidare organisering av prosjektet (eigedomsforhold, byggeprosess og organisering)

 Møte med interessentar i mars om organisering og finansiering av drifta.

Det er avgjerande for prosjektet si realisering å få på plass ein finansieringsplan. Denne legg grunnlaget for handsaming i kommunestyret og for det som skal skje vidare med organisering av prosjektet. Avklaring av dykkar bidrag er difor vesentleg i denne samanhengen.

Med helsing

Synnøve Solbakken

ordførar

Svein Opdal

verksemdsleiar

Sambandet Kvinnherad -Stord,Formannskapsmøte 7 febr.

Formannskapsmøte Stord-Kvinnherad i Kulturhuset Husnes 7 februar 2012

 

Snøggbåt frå Leirvik kl 08:50 – Sunde kl 09:10

Maxitaxi Sunde 09:15 – Husnes 09:25

Møtestart 09:30 med slik agenda:

 

09:30 – 12:00 Ferjeleie Djupavik:

 

Informasjon frå Statens vegvesen/Hordaland Fylkeskommune om:

-          Prosessen fram til vedtak i Stord kommunestyre                                                                          

-          Ny utgreiing av Djupavik-alternativet                                                                                                

-          Vegen vidare – prosess, tidsløp, og konsekvensar av beslutningar som blir teke              

-          Spørsmål og diskusjon mellom formannskapa

                                                                               

12:00 – 12:45 Lunsj

12:45 – 13:45 Informasjon frå SKL – våre felles muligheiter og utfordringar

13.45 - Evt.

14:25 – Avreise Husnes

14:40 – Hurtigbåt til Stord frå Sunde

 

 

 

Liv Kari Eskeland                                                     Synnøve Solbakken

Ordførar                                                                     Ordførar

Stord                                                                            Kvinnherad

 

Kvinnherad-Stord sambandet

Formannskapet Stord-Kvinnherad skal ha møte 7 februar kl.09.30  i Kulturhuset Husnes der tema er arbeidet vidare for ei nedkorting av sambandet.

Statens vegvesen og Hordaland Fylkeskommune blir med på møtet.

Synnøve

Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no