Kontaktperson
Regelverk
Når hovudføremålet med vegen er landbruk, dvs. at meir enn 50 % av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.
Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 29-7 Krav til produkter til byggverk
Forskrifter
Forskrift om konsekvensutredningerForskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål
Landbruksveg - bygging | ||||||||||
| Oppdatert: 28.12.2011 09:31 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Tema - Bygg, eigedom og plan - Bygging - Næring- og samfunnsutvikling - Jord- og skogbruk | ||||||||||
| Beskrivelse Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning. | ||||||||||
| Målgruppe Landbruksføretak | ||||||||||
Kriterier/vilkår
I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for
Kommunen kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom. | ||||||||||
| Pris for tjenesten | ||||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør òg komme fram. | ||||||||||
| Vedlegg Kartdel som viser
| ||||||||||
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune 5470 Rosendal | ||||||||||
| Saksbehandling Fylkesmannen skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltningen i fylkeskommunen, Samisk kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha følgjer for interessene i fagområda deira. Kommunen gjer vedtak om godkjenninga, set eventuelle vilkår eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd, Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort. | ||||||||||
| Saksbehandlingstid Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. | ||||||||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-28 09:31 | ||||||||||
| Gyldig fra 2009-05-22 | ||||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost

