Vassforsyning - drikkevatn | ||||||||
| Oppdatert: 01.12.2011 08:26 | ||||||||
| Generelt | ||||||||
| Alternativt navn Vassforsyning - drikkevatn | ||||||||
| Beskrivelse Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytta til nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare. Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova. Meir informasjon om vassforsyning og avløp i Kvinnherad kan du lesa om her. | ||||||||
| Kriterier/vilkår Drikkevatnet som kommunen leverer, skal vere hygienisk forsvarleg, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helseskade i vanleg bruk. Avvik i vasskvalitetet som kjem av forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annen måte. | ||||||||
| Pris for tjenesten Gebyr og avgiftssatsar gjeldande i Kvinnherad kommune | ||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Dersom du vil knyta deg til det kommunale leidningsnettet, må du søkja om det. Du må fylla ut skjemaet "Søknad om tilknyting til offentleg leidningsnett" og senda til kommunen. Når arbeidet er utført og du er tilknytt leidningsnettet skal røyrleggjaren som har utført arbeidet fylla ut skjemaet "Fråsegn om utføring av sanitæranlegg". | ||||||||
| Skjema Søknad om tilknyting til offentlig leidningsnett | ||||||||
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune 5470 Rosendal | ||||||||
| Klagemulighet Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. | ||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-01 08:26 | ||||||||
| Gyldig fra 2010-04-15 | ||||||||
| Gyldig til 2012-12-01 |






Epost

