Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Fastlege

Oppdatert: 12.12.2013 14:20
Generelt
Tema
- Helse
- Lækjar
Beskrivelse

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.

Målgruppe

Alle som bur i Noreg.

Pris for tjenesten

Du betaler eigendel.


Behandling og undersøkelse hos lege - egenandeler
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du får eit brev frå Nav/HELFO om fastlegar som har ledig plass på lista i kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.

På http://helfo.no/privatperson/fastlegeordningen/ kan du søkje etter ein fastlege som du ønskjer å bruke. Der du kan tilmelde deg fastlegen – dersom vedkommande har ledig plass på lista si.
Har du ikkje har internett, ring HELFO på telefon 810 59 500. Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringer. Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.

Skjema
Felles innlogging til offentlige tjenester
Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal
 

Klagemulighet

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.

Andre opplysninger
Dato oppdatert
2013-12-12 14:20
Gyldig fra
2011-03-25
Gyldig til
2014-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no