Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Bygging og graving i forureina grunn

Oppdatert: 28.12.2012 09:28
Generelt
Alternativt navn
Tilsvina grunn
Tema
- Individ og samfunn
- Beredskap og forsvar Miljøskade
- Bygg, eigedom og plan
Beskrivelse

Skal du setje i gang med byggje- og gravearbeid på ein eigedom der det er grunn til å tru at grunnen er forureina, har du plikt til å sørgje for å få klarlagt omfanget av ei eventuell forureining. Du må leige inn ein konsulent med ekspertise på grunnforureining til å undersøkje grunnen. Der det finst slik forureining, skal det lagast ein eigen tiltaksplan som gjer greie for korleis ein kan unngå spreiing av forureininga og korleis ein skal sikre at grunnen har god nok miljøkvalitet etter at tiltaket er gjennomført.

Målgruppe

Grunneigar eller utbyggjar (tiltakshavar)

Kriterier/vilkår

Det kan vere grunn til å tru at grunnen er forureina

  • i område der det tidlegare har vore forureinande industriverksemd
  • i område som har fungert som deponi

I byar må ein ofte rekne med at det er forureining i grunnen på grunn av stort ombruk både av areal og jordmassar.

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Database over eiendommer med forurenset grunn
Om bygge- og gravearbeider
Partnere

Klima- og forureiningsdirektoratet

Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Tiltaksplanen sendast til kommunen saman med søknad etter plan- og bygningslova der slik søknad er nødvendig.

Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal

Saksbehandling

Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen. Kommunen kan avgjere at tiltakshavaren skal varsle naboar og eventuelle andre som saka vedkjem, om det planlagte terrenginngrepet. Kommunen si behandling av tiltaksplanen skal så langt det er råd samordnast med behandlinga av saka etter plan- og bygningslova.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Samfunnsutvikling
Telefon:53 48 31 00
Epost:samfunnsutvikling@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2012-12-28 09:28
Gyldig fra
2009-04-28
Gyldig til
2013-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no