Fysioterapi |
| Oppdatert: 28.02.2012 12:44 |
| Generelt |
| Tema - Helse |
| Beskrivelse Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim. |
| Målgruppe Eldre, funksjonshemma eller personar som er sjuke eller skadde |
| Kriterier/vilkår Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet. |
| Pris for tjenesten Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut (men berre dersom fysioterapeuten har driftsavtale med kommunen). Pasienten betaler eigendel avhengig av diagnose såframt diagnosen ikkje gjev rett til fri behandling. Behandling og transport til behandling er gratis for born under 12 år. |
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende |
| Serviceerklæring |
| Praktiske opplysninger |
|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Du kan motta tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen. |
| Klagemulighet Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. |
| Andre opplysninger |
| Dato oppdatert 2012-02-28 12:44 |
| Gyldig fra 2012-02-28 |
| Gyldig til 2012-12-31 |







