Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktpersoner

Leiar kommunalteknikk
Sigbjørn Øye
Telefon: 53483247
Epost
Arbeidskoordinator, vatn/avløp
Norvald Skarveland
Telefon: 53461903
Mobil: 91667040
Epost

Regelverk

Plikta til å vere kopla til eit offentleg avløpssystem går fram av § 27-2 i plan- og bygningslova. Sjå § 22 i ureiningslova om krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.


Lover

Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 27-2 Avløp
Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 22 Krav til utførelse av avløpsanlegg

Forskrifter

Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kap. 12 Krav til utslipp av sanitært avløpsvann fra bolighus, hytter og lignende
Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kap. 16 Kommunale vann- og avløpsgebyrer
Forskrift om miljørettet helsevern
Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Kvinnherad kommune

Avløp - offentlege avløpsanlegg

Oppdatert: 26.04.2013 12:34
Generelt
Alternativt navn
Avløp
Tema
- Bygg, eigedom og plan
- Bygging
- Eigedom og tomtar
- Teknisk
Beskrivelse

Kommunen etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Føremålet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det reinsa vatnet ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser mellom anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.

Målgruppe

Innbyggjarar, næringsliv

Kriterier/vilkår

Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Pris for tjenesten

Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.


Kommunale avgifter og gebyr
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Dersom du vil knyta deg til det kommunale leidningsnettet, må du søkja om det. Du må fylla ut skjemaet "Søknad om tilknyting til offentleg leidningsnett" og senda til kommunen. Når arbeidet er utført og du er tilknytt leidningsnettet skal røyrleggjaren som har utført arbeidet fylla ut skjemaet "Fråsegn om utføring av sanitæranlegg".

Skjema

Søknad om tilknyting til offentlig leidningsnett

Fråsegn om utføring av sanitæranlegg


Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal
 

Klagemulighet

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Tekniske tenester
Telefon:53 48 31 00
Postadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2013-04-26 12:34
Gyldig fra
2012-04-13
Gyldig til
2014-04-25
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no