Adopsjon | ||||||||
| Oppdatert: 20.04.2012 10:37 | ||||||||
| Generelt | ||||||||
| Beskrivelse Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer. Adopsjonsprosessen er mellom anna avhengig av om du kjenner barnet på førehand eller ikkje. Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte, er adopsjon av ukjent barn frå utlandet. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gir råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkjarane også vere registrerte som adoptivsøkjar til eit ukjent barn innanlands. Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Eit barn kan bli adoptert av stefaren, stemora eller fosterforeldra. | ||||||||
Kriterier/vilkår
| ||||||||
| Pris for tjenesten | ||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||||||||
| Partnere Barne-, ungdoms- og familieetaten har godkjent tre norske formidlingsorganisasjonar som òg er godkjende i aktuelle utland. Det er | ||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Norske styresmakter krev at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ein av dei tre adopsjonsorganisasjonane som er nemnde over. Du kan kontakte ein av dei for å få informasjon og teikne medlemskap. Stadfesting av at ein av desse har teke på seg å formidle adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgje søknaden, først til kommunen og så til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Kommunen kan gje råd og rettleiing om søknaden. Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Du kan kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, når det gjeld søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 466 15 000, post@bufdir.no. | ||||||||
| Vedlegg Søknadsskjemaet inneheld ei oversikt over kva dokument som skal følgje søknaden. Dokument som er utarbeidde med formålet adopsjon, skal sendast i original versjon. Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfest av offentleg tenestemann eller advokat. | ||||||||
| Søknaden sendes til Barneverntenesta 5460 Husnes | ||||||||
| Saksbehandling Kommunen granskar søkjarar som ønskjer å adoptere eit norsk eller utanlandsk barn og gje tilråding. Deretter blir søknaden med kommunen si tilråding send til regionkontoret i Bufetats. Regionkontoret er det statlege, regionale adopsjonsmyndet som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssaker. | ||||||||
| Klagemulighet Ei eventuell klage skal sendast via regionkontoret, men må stilast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå eit eventuelt avslag er motteke. Sjå òg www.bufetat.no. | ||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||
| Dato oppdatert 2012-04-20 10:37 | ||||||||
| Gyldig fra 2010-12-03 | ||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost

