- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Høgt nivå på små songarar frå Iowa

Ames barnekor frå Iowa i USA var i høve deira 15-årsjubileum på Noregsturné i juni og har halde to konsertar i Rosendal den 15. og 16. juni. Koret hadde førsteklasses framsyningar under dyktig leiing av dirigent Sylvia Munsen.
![]() |
| Ames Barnekor frå Iowa |
Dr Sylvia Munsen har slekt i frå Omvikdalen, og som professor i musikk har ho i fleire år sendt elevar frå Iowas State University til Kvinnherad på utplassering i barne- og ungdomsskular. Denne gangen kom ho med eit kor på 30 gutar og jenter frå Iowa som hadde øvd inn både amerikanske kjende songar og ikkje minst norske songar framført på norsk. Dei hadde mellom anna skulekonsert i Rosendal samfunnshus.
![]() |
| Ames Barnekor frå Iowa |
Unge lovande
Første konserten deira var i Kvinnherad kyrkje og koret heldt eit imponerande høgt nivå når ein tenkjer på at gjennomsnittsalderen var 12 og eit halvt år. Det var sjølvsagt svært moro for dei norske tilhøyrarane å høyre amerikanarane synge Norge mitt Norge på norsk, samt vers på norsk av Fola fola blakken. Dei framførte også ein moro versjon av Bæ, bæ lille lam på norsk.
I tillegg fekk ein ein smakebilt av kjende låtar frå Broadway, framført med god innleving. Dei hadde også afrikanske låtar på repertoaret med trommer attåt og med etterlikning av dyrelydar så følte ein verkleg at ein hadde blitt tekne med i jungelen.
![]() |
| Ames Barnekor sin dirigent Sylvia Munsen |
Såg Bondhusbreen
Under opphaldet i Kvinnherad var dei 30 medlema plassert i vertsfamiliar, og ein del av programmet var også å vitje nokre av besøksmåla i kommunen. Dei har naturlegvis vore innom Baroniet og Steinparken for å nemne noko. Fredag den 18. juni hadde koret ein stopp i Sundal og gjekk for å sjå Bondhusbreen før turen gjekk vidare til Sandnes. Noregsopphaldet deira starta og slutta i Bergen med siste konsert søndag 20. juni i Ole Bull sin heim.








