Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Hjelpetiltak for barn og unge med funksjonsvanskar og deira familiar

Villatoppen
Hjelpetiltak for barn yter tiltak etter lov om sosiale tenester til barn, unge og deira familiar. Tenesta er ein del av Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU).
Bruk tilvisningsskjema TTBU ved søknad om tenester.

Målgruppe:

Barn og unge under 18 år med psykisk eller fysisk funksjonshemming.

 

Hjelpetiltak:

·        Avlastingstiltak til familiar med omfattande omsorgsoppgåver,
- i privat heim og i institusjon - Villatoppen.

·        Omsorgsløn til familiar med tyngjande omsorgsoppgåver.

·        Støttekontakt til barn og ungdom som har særskilt trong for oppfølging på fritidsaktivitetar.

 

Villatoppen:

Villatoppen er eit avlastingstilbod for familiar med funksjonshemma barn. Der bur til ei kvar tid frå 2 – 5 barn i periodar frå 1 – 7 dagar.

 

I følgje Lov om sosiale tjenester § 4-2 b skal ein yta avlastingstiltak til alle som har særlege tyngjande omsorgsarbeid. Avlasting skal gjera det mogeleg å oppretthalda gode familierelasjonar og bevare sosiale nettverk. Tenesta skal hindre utmatting hos omsorgsgjevar.

 

Avlastinga skal gje pårørande nødvendig og regelmessig fritid og ferie. Den skal gjera det mogeleg å ta del i dei vanlege samfunnsgoder og aktivitetar.

 

Avlastingstilbodet er ein del av det totale tilbodet til familien/personen med nedsett funksjonsevne, vi legg difor vekt på eit tverrfagleg samarbeid for å koordinera tiltaka.

 

Vi legg vekt på å oppnå tryggleik og trivsel for brukar, ved å følgje opp daglege rutinar og treningsopplegg, samstundes som vi gjev brukar høve til positive opplevingar og auka sjølvstende.

 

Søknad om avlasting, omsorsløn og støttekontakt sendes Tiltak og tenester for barn og unge.

 

Kontakt oss:

Villatoppen, Avlastingsbustad for barn og unge, Røsslandsvegen 2, Husnes

Postadresse: Tiltak og tenester for barn og unge, Husnestunet, Stølshaugvegen 5, 5460 Husnes

E-post: tiltak.tjenester.barn@kvinnherad.kommune.no

 

Telefon:  53 46 17 90

 

Fagkoordinator Rita Arneberg

 

 

 

 

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no