Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kva gjer du når du treng eit hjelpemiddel?

Dersom du har varig (over 2 år) og vesentleg innskrenka funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan du få stønad til hjelpemiddel frå folketrygda. Har du kortvarig trong for hjelpemiddel, kan du låna det frå kommunen sitt korttidslager.

Kommunen sitt korttidslager - ved akutt og kortvarig trong for hjelpemiddel

Her kan du låna rollator, toalettforhøyar, ganghjelpemiddel, sjukeseng, transportrullestol, arbeidsstol o.l. for kortare periodar. Du kan kontakta pleie og omsogstjenesten, eller ergoterapeut i den sona du bur.

Rosendal    53 47 59 20

Husnes    53 46 17 00

Ølve/Hatlestrand/Varaldsøy    53 46 14 44

Halsnøy    53 46 14 44

Krykker får du låna mot eit depositum, på helsesentera og hos fysioterapiavdelingane.

Varig behov (dvs meir enn 2 år) for hjelpemiddel

Dersom du har varig behov for hjelpemiddel, kan du få støtte til dette gjennom NAV hjelpemiddelsentral. Du kan få hjelp til å setja fram krav om hjelpemiddel frå tilsette i helse og omsorgstenesten i kommunen. Kommunen har ansvar for utgreiing av trongen for hjelpemiddel og for oppæring i bruk. Ved søknad treng du sakkyndig uttale frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlegen.

Tryggleiksalarm

Søknadskjema og bistand til utfylling av skjema får du ved å venda deg til pleie og omsorgstjenesten i den sona du bur.

Reperasjon av hjelpemiddel

Meld frå til pleie og omsorgstjenesten, eller ergo/fysioterapitenesten i den sona du bur. 

Reperasjon av hjelpemiddel (kveld/helg)

Hjelpemiddelsentralen har akuttberedskap for reperasjon av hjelpemiddel som brukar er heilt avhengig av for å fungere.

Kontakt NAV Hjelpemiddelsentral sin akuttberedskap 99202355 (ettermiddager og helger)

Tilbakelevering av hjelpemiddel

Meld frå til pleie og omsorgstjenesten, eller ergo/fysioterapitenesten i den sona du bur.

Høyrselshjelpemiddel

For å få høyrselshjelpemiddel treng du utgreiing hos spesialist. Fastlegen din kan ved behov, henvise deg til spesialist.

Du kan og kontakte "hørselskontakten" for råd og praktisk hjelp.

Rosendal: Annbjørg Enæs , Rosendalstunet ,tirsdager 91667075

Husnes: Else Helland, Husnes sjukeheim,tirsdager 48892476

Halsnøy: Olaug Særsten, Halsnøy sjukeheim 53461500/ 97606050

Varaldsøy: Henny Skjelnes, Varaldsøy aldersheim 53461453

Hatlestrand: Åshild Revne, Ølve alderspensjonat 53461440

Syns-hjelpemiddel

Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniniske hjelpemiddel.

Regionalt syns og audiopedagogisk senter på Stord kan kontakast for  utprøving og opplæring av synshjelpemiddel. Sigurd Rise  Tlf.:  53 40 11 16


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no