Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra:

Her er innspela til planen

Innspel_teaser
Framlegg frå grunneigarar og andre til innhald i planen er no samla, kartfesta og tilrettelagt for innsyn. Kommunen ønskjer at dei som har levert innspel sjekkar korleis dei vert vist i kartet.

Det skal lagast ny arealdel til kommuneplanen for den søraustre delen av Kvinnherad. I samband med dette har kommunen gjennom annonsar, heimeside, plakatar, bygdamøte og lokale kontordagar bedt om innspel til planarbeidet. Frist for innspel var sett til utgongen av oktober 2009, men grunna forseinkingar i planarbeidet elles har kommunen teke med innspel heilt fram til mai 2010.

Illustrasjon med alle innspel. Klikk på biletet for full storleik.Eit samandrag av innspela finn du i fila "Innspelssamandrag.pdf" som det også er lenke til saman med kartutsnitt nedst i denne artikkelen. I samandraget er det på dokumentnummeret lenka til kvart einskild innspel slik at du med få unntak kan henta fram heile innspelet med evt. vedlegg frå kommunen sitt arkivsystem.

I 2009 tok den nye plan- og bygningslova til å gjelda, og med den kom definerte standardar og eksakte reglar for kva som er tillate og ikkje å visa i ein kommuneplan. Mange av innspela har kommunen difor vore nøydd til å tilpassa eller tolka for at dei skal vere moglege å visa i plankartet.

Kvinnherad kommune oppfordrar dei som har levert innspel om å sjekka korleis dei vert vist i kartet. Eventuelle feil eller manglar vert å melda på e-post til anbjorn.hoivik@kvinnherad.kommune.no, telefon 43 48 32 71 eller i brev til Kvinnherad kommune, Rådhuset, 5470 Rosendal.

Kommunen vil nytta innspela i det vidare planarbeidet. Eit første planframlegg er venta å vere ferdig tidleg haust 2010, diverre tre til fire månader seinare enn kva den opphavelege framdriftsplanen la opp til. Forseinkinga skuldast stor saksmengd ved Verksemd for samfunnsutvikling og praktiske utfordringar ved innføring av ny planlov.

Oversiktskartet under viser kva kartutsnitt du kan opne for å sjå innspel i dei aktuelle områda. Kart nr. 1 er laga i to utgåver grunna overlappande innspel på Skarveland. Det er også laga ei separat teiknforklaring som syner kva dei ulike fargane tyder. Teiknforklaringa finst førebels berre på bokmål.

Oversyn over kartutsnitt

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no