Helse og rehabilitering
Administrasjonskontoret for denne verksemda er rådhuset, Rosendal
Kontakt
| Verksemd: | Helse og rehabilitering | Org.nummer: | 974 614 669 / 984 320 604 |
| Leiar: | Liv Sætre Eik | Telefon: | 53 48 33 54 |
| Adresse: | Rådhuset | ||
| Postnummer: | 5470 | Poststad: | Rosendal |
| ePost: | liv.saetre.eik@kvinnherad.kommune.no | Anna webadresse: |
Tenesteområde
-
Allmennlegetenesta
-
Legevaktordning
-
Smittevern
-
Miljøretta helsevern
-
Fysioterapiteneste
-
Ergoterapiteneste
-
Koordinerande eining
-
Varmebassenget

Generelt
Verksemd for helse og rehabilitering skal syta for naudsynt allmennlegeteneste, legevakt, smittevern, miljøretta helsevern, fysioterapiteneste og ergoterapiteneste til alle som bur eller oppheld seg mellombels i Kvinnherad.
Helsetenesta skal fremja folkehelse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold, og arbeida for å førebyggja og behandla sjukdom, skade eller lyte.
Helsetenesta skal spreia opplysning om og auka interessa for kva den einskilde sjølv kan gjera for å fremja eigen trivsel og sunnhet, og folkehelsa generelt.
Kommunehelsetenesta skal til ei kvar tid ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og dei faktorar som kan verka inn på denne. Helsetenesta skal føreslå helsefremjande og førebyggjande tiltak i kommunen, samt påpeika tiltak som kan gjera alle offentlege rom tilgjengeleg for alle (universell utforming).
Ansvar for dagleg brukarretta drift av varmebassenget på Husnestunet, er lagt til verksemd for helse og rehabilitering.
Visjon
Forsvarleg, godt og tilnærma likt tenestetilbod til alle som bur eller oppheld seg mellombels i Kvinnherad.
Alle offentlege rom er tilgjengelege for alle.
Anna info
Verksemda er desentralisert for å vera tilgjengeleg for innbyggjarar i heile kommunen. Verksemda er såleis fordelt på 9 ulike lokalitetar/bygg i Kvinnherad. Det er viktig med godt samarbeid i kvar einskild eining, og med aktuelle samarbeidspartar lokalt i det geografiske området dei er lokalisert og har sine arbeidsoppgåver. Det er ei stor utfordring å ha eit tilnærma likt tenestetilbod til alle innbyggjarane i kommunen vår.







